Lammeskank i curry

lammeskank

Lammeskank er blitt skikkeleg populær mat, og det er ikkje rart når maten nær lagar seg sjølv. Du treng berre tid og med denne oppskrifta: krydder! Mykje krydder. Curry er ein favoritt, og lam i curry er absolutt ikkje feil. Dette er ein nydeleg middag du lett kan servere ein kveld eller ei helg der gryta får stå i omnen og godgjere seg i 2-3 timar, medan du gjer heilt andre ting. Gå til innkjøp av krydder og set i gong:)

Til 2-3 personar treng du:

  • 2-3 lammeskankar
  • 1 ss smør
  • 2 ss olje (solsikkeolje eller kokosolje)
  • 2 løk
  • 2 tomatar
  • 3 fedd kvitløk
  • 1 ss hakka ingefærrot
  • 2 ss koriander pulver
  • 1 ts spisskummen (cumin)
  • 1/2 ts gurkemeie
  • 1/2 ts chilipulver
  • 2 ss garam masala (sjå under)
  • salt

Garam masala:

  • 1 ss spisskummen (cumin)
  • 1 1/2 ts korianderpulver
  • 1 1/2 ts kardemomme
  • 1 1/2 ts svart peppar
  • 1 ts kanel
  • 1/2 ts nellik
  • 1/2 ts muskatnøtt

Potetmos:

  • 8-10 poteter
  • 1 ss smør
  • 1/2-1 dl mjølk
  • salt og peppar
lammeskank i curry

Slik gjer du:

  1. Bland saman alle ingrediensane til garam masala, og ha dette i eit tett glas slik at du kan bruke resten seinare.
  2. Hakk løk og tomatar i teringar, finhakk kvitløk og ingefær.
  3. Fres løk, kvitløk og ingefær i olje til løken blir blank.
  4. Ha i alt krydderet og tomatane og la det småputre medan du gjer klar lammeskankane. (Dette kan fint gjerast dagen før).
  5. Set omnen på 180-200 grader over- og undervarme. (Dess lågare varme dess lenger tid).
  6. Smelt smøret i ei stor gryte og steik lammeskankane raskt på alle sider.
  7. Legg lammeskankane ved sidan av kvarandre i gryta og fordel curryblandinga over.
  8. Legg på lokk og set gryta inn i omnen. Steik i 2-3 timar, til kjøtet losnar frå beinet.

Potetstappe:

  1. Skrell potetene og del dei i terningar.
  2. Legg dei i ei kasserolle og dekk med vatn.
  3. Når lammeskankane byrjar å bli ferdige kokar du opp potetene og let dei småkoke i 10-12 min til dei er møre.
  4. Hell av kokevatnet og ha i smøret.
  5. Mos potetene med ein potetstappar eller ein visp.
  6. Spe med litt og litt mjølk, rør kraftig mellom kvar gong, til du får ei passe stappe.
  7. Smak til med salt og peppar.
lam i curry

Server lammeskank med curry saman med potetmos og gjerne frisk koriander på toppen. Håpar det smakar:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.