Krema blomkålsuppe med kokosmelk

blomkålsuppe kokosmelkBlomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god suppe som varmar ekstra godt ein haustdag.

Har du heimelaga kraft liggande i frysaren er det no du skal ta den fram, det løftar suppa til nye høgder og boostar imunforsvaret ditt i samme slengen. Hadde du ikkje det akkurat i dag, så bruk ein buljongterning i staden, og noter deg bak øyret at du skal koke kraft ein dag du likevel skal vere heime;)

blomkålsuppeTil 3-4 personar treng du:

  • 2 blomkål
  • 2 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss olivenolje
  • 5-6 dl kraft eller vatn + buljong
  • 200 ml kokosmjølk
  • 1/4 ts peppar
  • 1 ts salt

Topping:

  • 3 ss smør
  • 1/2 vårløk

krema blomkålsuppe med kokosmelkSlik gjer du:

  1. Vask og del blomkålen i bukettar, og stilken i bitar. Ha dei i ei kasserolle og dekk med vatn.
  2. Kok opp og la småkoke til blomkålen er mør, omlag ti minutt -men avhengig av storleiken på bitane.
  3. Del sjalottløk i bitar og finhakk kvitløken.
  4. Ha dette i ei gryte saman med olivenolje og steik på middels varme til løken har blitt blank.
  5. Ha i krafta, og kok opp.
  6. Ha blomkålbitane over i gryta (men ta vare på kokevatnet slik at du kan spe suppa til slutt) og kjør glatt med ein stavmiksar.
  7. Ha i kokosmjølka, salt og peppar og spe eventuelt med kokevatnet om det trengst.
  8. Smelt smør i ei panne på medium-høg varme og la det stå til det har blitt brunt, men ikkje brent.
  9. Del vårløk i tynne ringar.
  10. Aus opp suppe i skåler, og ha over vårløk og bruna smør. Server gjerne med godt brød til.
krema blomkålsuppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.