TACO-pizza

tacopizza

Botn:

  • 2,5dl vatn
  • 300g kveitemjøl (ca 5-6 dl)
  • ½ pk tørrgjær
  • 1ts salt
  • 2ss olivenolje

Topping:

  • 1 boks pizzasaus
  • 200g karbonadedeig med tacokrydder
  • ½ rødløk
  • 8-10 cherrytomatar
  • 12-15 nachochips
  • riven ost
  • (evt jalapeno)

tacopizza

  1. Lag deig til pizzabotn ved å elte saman ingrediensane anten for hand eller ved hjelp av kjøkkenmaskin. Dekk med plast og set til heving så lenge du har tid, alt frå 1/2t til 2t.
  2. Steik karbonadedeiga med tacokrydder.
  3. Set eit steikebrett inn i omnen (eller bruk pizzastein om du har), og skru opp på 250 grader.
  4. Ha mjøl på eit bakepapir. Skrap pizzadeiga over på papiret, ha godt med mjøl på hendene og trykk den utover.
  5. Smør utover pizzafyll. Ha over karbonadedeig, rødløk i båtar, cherrytomatar delt i to, nachochips og riven ost. Ha over jalapeno om du vil ha den hot.
  6. Senk temperaturen til 230 grader, og dra bakepapiret med pizzaen på over på det varme steikebrettet. Steik til pizzadeiga slepp bakepapiret, ca 10-15min.

Server gjerne med ruccola, rømme og salsa:)

tacopizza

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.