PIZZASAUS til å fylle frysaren

pizzasaus

Du treng:

  • 2 ss olivenolje
  • 3 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • 3 boksar hakka tomat
  • 1/2-1 glas tomatpurè
  • 1 ss tørka basilikum (eller 2-3 ss frisk basilikum)
  • 1 ss oregano (eller 2-3 ss frisk oregano)
  • salt og peppar

 pizzasaus

  1. Fres finhakka løk og chili til løken blir blank.
  2. Ha i resten og la småputre så lenge du har tid, dess lenger den får godgjere seg dess betre smakar den.
  3. Ha over i passe små frysebeger, avkjøl og sleng i frysaren.

Finfin kveldsaktivitet ein heilt vanleg vekedag, og veldig kjekt å ha klart den dagen du skal lage pizza!

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!