Proteinrundstykker med gulrot
Proteinrundstykker med gulrot er ein vri på proteinrundstykka som har blitt populære både her i heimen og på bloggen, og det med god grunn. Å kunne røre saman deiga og slenge dei rett i omnen er jo gull når du treng brødmat ASAP, og når dei i tillegg smakar saftig og digg i tillegg blir dette ein vinnar.
Denne versjonen testa eg forrige veke då eg fekk ei god venninne på frukostbesøk, og mangla noko å servere. I løpet av ein halvtime var bordet dekka og nysteikte rundstykker komne på bordet. Og sånt blir det jo god stemning av!
Til 16 stk treng du:
- 500 g (2 små boksar) cottage cheese
- 500 g havregryn
- 4 egg
- 1 ss bakepulver
- 1 ts salt
- 150 g gulrot
Slik gjer du:
- Set omnen på 180 grader varmluft (eller 200 grader over- og undervarme).
- Skrell og riv gulrot på eit fint rivjarn.
- Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar (eller bruk ein blender).
- Vend inn havregryn og gulrot og klapp saman til ei jamn deig.
- Trill runde ballar, trykk litt flate og sett på bakepapirkledd steikebrett.
- Steik midt i omnen i 20 min, til rundstykka er gyldne.
- Avkjøl på rist.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.