Vekemeny 40
Siste vekemenyen i september, heilt på tampen av månaden. Skal du ut i haustferie så ønsker eg deg ei fin veke! Kanskje finn du ekstra tid til å teste noko nytt på kjøkkenet?
Her får du vekas inspo!
Mandag
Tex-mex form med bønner og ris
Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »
Tysdag
Gratinert romanesco
Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse… Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har… Fortsett å les »
Onsdag
Risnudlar med peanøttsaus
Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »
Torsdag
Vegetarisk Sheperd’s pie
Vegetarisk Sheperd’s pie er digg gratinert form som gjerne kan nytast to dagar på rad. Perfekt mat å lage mykje av og servere til gjestar. Eller bruke som middag to… Fortsett å les »
Fredag
Taco med kikerter
Taco med kikerter er ein herleg vegetarisk versjon av den populære fredagsmiddagen. Kikerter som er steikte i omnen i staden for kjøttdeig smakar knasande godt. Vend dei inn med tacokrydder… Fortsett å les »
Laurdag
Quinoasalat med smak av Marokko
Quinoasalat med smak av Marokko Denne salaten er fin å servere på eit tapasbord, som ein rett åleine eller som veldig godt tilbehør til feks kylling. Med spanande smakar… Fortsett å les »
Søndag
Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær
Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefrie frukostrundstykker
Nydelege rundstykker som er sprø på utsida og mjuke på innsida. Utan frø eller store korn, akkurat slik mine kids vil ha dei. Deiga rører eg saman på to minutt… Fortsett å les »
Noko godt
Glutenfri nøttegranola
Glutenfri nøttegranola har fått meg på granola-kjøret igjen, etter ei lang omelett-pause… Eg kom over ei oppskrift med crunchy granola, og kunne ikkje få laga den raskt nok! Eg har… Fortsett å les »
Vekas kake
Kokoskake med pistasjenøtter
Kokoskake med pistasjenøtter er både nydeleg på smak og enkel å lage. Kaka inneheld både kokosblomstsukker som er mykje meir næringsrikt enn vanleg sukker, og kokosolje som er noko av… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.