Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær

lindrande linsesuppe Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals eller treng noko litt ekstra.

Gurkemeie er jo som du kanskje veit betennelsedempande, og både løk, ingefær og kvitløk gjer godt for kroppen. Saman blir det ei smakfull suppe som er rask og enkel å lage, og finfin til å varme opp og ete som restemat -så lag gjerne dobbel porsjon.

Denne suppa er også utan kjøt i seg, og perfekt på kjøttfri-mandag eller ein annan dag du har lyst til å ete vegetar. Massevis av grønnsaker og linser gjer at du ikkje kjem til å sakne kjøtet!

linsesuppe med gulrot og ingefær

Til 2-3 personar treng du:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2-3 gulrot
  • 1 vårløk
  • 1 ingefærbit på størrelse med ein tommel
  • 300 g kartong med linser (eller ca 200 g linser)
  • 7-8 dl kraft (eller vatn + buljongterning)
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts paprikapulver
  • 1/2 ts korianderpulver
  • salt og peppar
  • 1/2 lime

linsesuppevarmande linsesuppevarmande linsesuppeSlik gjer du:

  1. Del alle grønsakene i små bitar, finhakk ingefær og kvitløk.
  2. Fres løken i litt olje til den blir blank.
  3. Ha i resten av grønsakene og la dei frese med i nokre minutt.
  4. Strø over krydder og bland godt inn.
  5. Ha i kraft og kok opp.
  6. Skyll av linsene i eit dørslag og ha i suppa.
  7. La småkoke til grønsakene er møre, ca 10 min.
  8. Smak til med salt og peppar, ha gjerne godt med salt i, og skvis limen over.
  9. Servér rykande varm suppe. Mmmmmmm!
linsesuppe med gulrot

Tips: denne suppa kan fint frysast og oppbevarast i frysaren slik at du har enkel middag ein dag du treng det. Oppbevar den i ei boks med tett lokk, og set boksa i kjøleskapet dagen før du vil ha den til middag, slik at den får tine. Ha suppa saman med 0,5 dl vatn i ei gryte og varm opp på middels varme.


 

Klikk inn her og les Maj-Britt frå spiselandslaget.com sin fine omtale av denne suppa her!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.