Vegetarisk Sheperd’s pie

Vegetarisk Sheperd’s pie er digg gratinert form som gjerne kan nytast to dagar på rad. Perfekt mat å lage mykje av og servere til gjestar. Eller bruke som middag to dagar på rad. Gryte med gode smakar toppa med eit lag gyllen potetmos. Ikkje la deg skreme av lang ingrediensliste, denne retten er ikkje vanskeleg å lage.

vegetarisk sheperd's pie

Vegetarisk Sheperd’s pie

Veit du at du skal lage retten for å nyte fleire dagar på rad kan du gjerne ha den i ei eldfast form av typen du ser på biletet. Der følgjer det med eit lokk som ein klipsar på, og så er det lett å setje forma i kjøleskapet eller fryseskapet. Ta av lokket og set forma i omnen, og nyt tid til å gjere heilt andre ting enn å lage middag. Voila! Heimelaga middag på bordet utan å løfte ein finger. Nesten i allefall.

vegetarisk sheperd's pie

Sheperd’s pie med kjøt finn du her.

Oppskrift på Vegetarisk Sheperd’s pie

4 porsjonar / Tid: 60 min

Gryte

  • 1 løk
  • 1 ss olivenolje
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 sjampinjong
  • 2 ss soltørka tomat
  • 2 gulrøtter
  • 1/4 sellerirot
  • 1 ts paprikapulver
  • 1/2 ts spisskummen
  • 400 g hermetiske tomatar
  • 6 dl grønsakskraft (vatn + buljong)
  • 1,5 dl grøne linser
  • 1 laurbærblad
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar

Potetmos

  • 6-8 poteter
  • 1-2 dl mjølk
  • 1 ss smør
  • 1/2 ts salt
  1. Skrell og del løk, sellerirot, gulrøtter og sjampinjong i terningar. Finhakk kvitløk.

  2. Varm olje i ei gryte og surr løken til den blir blank. Ha kvitløk, sellerirot, gulrøtter og sjampinjong og la surre med i 2-3 minutt.

  3. Bland inn paprikapulver og spisskummen.

  4. Hell over hakka tomat og kraft. Kok opp.

  5. Medan gryta kokar opp skyller du linsene i eit dørslag. Ha linsene i gryta saman med laurbærbladet.

  6. La gryta småkoke under lokk til linsene er møre, 25-30 minutt. Rør undervegs.

  7. Medan gryta kokar lagar du potetmos. Skrell og del potetene i terningar. Dekk med vatn i ei kasserolle og kok opp. La småkoke til potetene er møre, 10-15 minutt. Hell av kokevatnet og la dampe seg tørre. Ha i smør og mos poteter og smør. Spe med litt mjølk i gongen til du får passe potetmos. Ha i saltet.

  8. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  9. Plukk ut laurbærbladet frå gryta og fordel potetmosen på toppen. Eller ha over i ei eldfast form om gryta ikkje toler steikeomn.

  10. Gratiner forma i omnen i ca 20 minutt, til potetmoslokket har fått litt farge.

  11. Servér med godt brød til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.