Eltefrie frukost­rundstykker

frukostrundstykker
Nydelege rundstykker som er sprø på utsida og mjuke på innsida. Utan frø eller store korn, akkurat slik mine kids vil ha dei. Deiga rører eg saman på to minutt før eg legg meg, så slår eg på omnen og let rundstykka etterheve medan vi er på badet, og når kjøkkenet er opprydda og bordet pådekka er rundstykka klare. Finfin frukost med heil himmelsk lukt i huset! Prøv du også då vel:)

Til 16 små eltefrie frukostrundstykker treng du:

  • 400 g kveitemjøl
  • 200 g sammalt kveite grov
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ts honning
  • 4 dl kaldt/lunka vatn
eltefrie frukostrundstykker

Slik gjer du:

  1. Bland alt det tørre i ein bolle, rør inn vatnet og set på lokk.
  2. La heve på kjøkkenbenken i 8-12 t, gjerne over natta.
  3. Set omnen på 250 grader over- og undervarme med eit steikebrett inni.
  4. Bruk ei is-skei eller liknande og fordel røra utover i eit muffinsbrett (eller på eit vanleg brett) med bakepapir.
  5. La etterheve i 15-20 min.
  6. Set brettet inn i omnen og skru ned temperaturen til 225 grader.
  7. Steik i ca 15 min, til rundstykka er gylne.
  8. Avkjøl på rist.
eltefrie rundstykker

Bakar du rundstykker eller noko anna godt frå bloggen, blir eg glad om du deler resultatet med meg på instagram eller på snapchat: @kvardagsmat. Det er så stas å sjå alt det lagar:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.