Vekemeny 43
Vekemeny 43 er på plass og eg håper du finn noko som fristar å lage til middag i veka som kjem. Tusen takk for stort engasjement og deltaking i feiringa av bloggen sin femårsdag i veka som gjekk. Det var fantastisk at så mange deltok på ulike sosiale kanalar!
Vinnarane er trekte og bøkene er på veg i posten! Håper de finn mykje matglede og finn inspirasjon til å lage meir heimelaga mat. Det treng ikkje vere vanskeleg.
Var du ikkje ein av dei heldige vinnarane? Klikk her så kan du bestille den hos Haugen Bok. Dei sel den til 349,- og har gratis frakt. #reklameforeigabok
Mandag
Lasagne med grønsaker
Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein… Fortsett å les »
Tysdag
Lasagne med laks og spinat
Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å… Fortsett å les »
Onsdag
Enkel gresskarsuppe
Halloween nærmar seg, og det betyr enorme mengder graskar i butikkane. Og graskar kan du absolutt nytte til andre ting enn Halloween-lykt. Denne suppa er enkel å lage og har… Fortsett å les »
Torsdag
Garam masala kylling
Garam masala er ei form for curry, der garam er hindi for varm og masala tyder blanding. Ei varm blanding i munnen når du et. Bortsett frå det kan ei… Fortsett å les »
Fredag
Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost
Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost har creme fraiche i staden for pizzasaus og smakar nydeleg godt! Botn: 300 g (ca 5dl) kveitemjøl 3 dl lunka vatn ½ pk tørrgjær… Fortsett å les »
Laurdag
Fårikål
Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv…. Fortsett å les »
Søndag
Restesuppe med fårikål
Har du laga fårikål og fått restar? Heldiggris! Eller så er du erfaren og veit at det alltid løner seg å lage for mykje fårikål. Det er jo ein av… Fortsett å les »
Noko godt
Enkel sjokolademousse
Enkel sjokolademousse er desserten du kan lage når du har lyst på noko godt, men ikkje har allverda med tid. Eller når du skal invitere gjestar til middag og gjerne… Fortsett å les »
Brødmat
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga. Valnøttene gir også… Fortsett å les »
Vekas kake
Crème Brûlée
Créme Brûlée, som tyder brent krem, er ein herleg fransk dessert som er enkel å lage og krev få ingrediensar. Du steiker den i vassbad i steikeomnen og kandiserer litt… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.