Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost

DSC_0073

Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost har creme fraiche i staden for pizzasaus og smakar nydeleg godt!

Botn:

  • 300 g (ca 5dl) kveitemjøl
  • 3 dl lunka vatn
  • ½ pk tørrgjær
  • 1 ss olivenolje
  • 1 ts salt

Fyll:

  • 2-3 ss crème fraiche
  • 8-10 skiver spekeskinke
  • 1/2 raud paprika
  • 1/2 liten rødløk
  • 1/2 grøn chili
  • 2-31 ss blåmuggost
  • Mozzarellaost på toppen

Slik gjer du:

  1. Elt saman deiga og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  2. Bruk slikkepott og stryk den utover bakepapiret eller elt inn meir mjøl og klapp/kjevle den utover.
  3. Stryk utover crème fraiche.
  4. Ha utover spekeskinke, paprika, rødløk og grøn chili før du strør over mozzarellaost og smuldrar blåmuggost utover.
  5. Forvarm steikebrettet i omnen på 250 grader, eller sett inn pizzasteinen om du har. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og senk temperature til 230 grader.
  6. Steik i 10-15 min til botnen er sprø og gyllen.
  7. Strø ruccola over før servering.

God helg!:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her! #reklame