Vekemeny 1
Velkommen 2023, la du bli fin! Etter julefeiring med god mat og dessert, passar det godt med litt meir kvardagsleg mat. Her får du forslag til kva du kan servere denne første veka i året.
Mandag
Easy peasy pasta
Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »
Tysdag
Avocado og røykalaks-salat
Røykalaks og avocado er gode smakar i lag. Her er dei blanda i ein salat med nøtter og chiafrø som topping. Chiafrø inneheld mykje protein, Omega-3 og andre viktige næringsstoff…. Fortsett å les »
Onsdag
Fiskegrateng med erter
Fiskegrateng med erter har deilig muskatsmak frå kvit saus, er fluffy av stivpiska eggekviter og fylt med grøne, gode erter.
Torsdag
Chiligryte
Dette er ein fin kvardagsrett som enkelt kan serverast etter jobb og skule. Om du får hjelp til å dele alt i terningar eller har gjort klart dette på førehand… Fortsett å les »
Fredag
Chicken Curry Sandwich
Chicken Curry Sandwich har blitt laga på Instastory kvar gong eg har kokt kyllingkraft i det siste. Når du kokar kraft på ein heil kylling sit du igjen med massevis… Fortsett å les »
Laurdag
Tacosalat med kylling
Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »
Søndag
Pai med skinke og ruccola
Grov botn: 2dl kveitemjøl 2dl fullkornkveitemjøl 1dl varmt vatn 1dl solsikkeolje Bland saman og trykk ut i ei paiform. Kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Grove rundstykker
Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »
Noko godt
Chia-sjokoladekuler med peanøttsmør
Desse chia-sjokoladekulene er det Julianne som skal ha æra for. Sjekk ut bloggen hennar her og få med deg den spennande boka ho gir ut om lav-FODMAP mat no i… Fortsett å les »
Vekas kake
Daimiskake med mokkasmak
Daimiskake med mokkasmak er nydeleg og populær å ta med til eit kakebord. Sidan kaka kan lagast lang tid i førevegen blir det null stress når festdagen nærmar seg. Ei perfekt… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.