Chiligryte

chiligryte

Dette er ein fin kvardagsrett som enkelt kan serverast etter jobb og skule. Om du får hjelp til å dele alt i terningar eller har gjort klart dette på førehand står denne retten på bordet enda raskare. Vi serverte med ris til, og ris lagar du lett utan «oppskrift». Nedanfor finn du ris-regelen som alltid funkar;)

Chiligryte

Til ca 4 personar treng du:

  • ca 400 g storfekjøt
  • 1 løk
  • 1 gul paprika
  • 1 grøn paprika
  • 1 raud paprika
  • 3 fedd kvitløk
  • ½-1 raud chili
  • 1 ts (røykt) paprikapulver
  • ca 400 g hermetiske tomatar
  • 3 ss tomatpuré
  • 1-2 dl vatn
  • ca 300 g kidneybønner
  • salt og peppar
bird´s eye chili

Slik gjer du:

  1. Del storfekjøtet i terningar og steik dei i litt smør til dei er gjennomsteikte. Set til side.
  2. Skjær paprika, løk, kvitløk og chili i terningar. Fres det nokre minutt i litt nøytral olje (t.d. kokosolje eller solsikkeolje) til løken er blank. Eg brukte Bird´s eye (Thai) chili som er sterkare enn «vanleg» chili, her er det berre å smake seg fram. Litt futt må det vere i gryta, synest eg.
  3. Ha over hermetiske tomatar, tomatpuré og vatnet og la det småkoke i ca 10 min.
  4. Krydre med paprikapulver, salt og peppar.
  5. Skyll godt av bønene i eit dørslag og ha dei i gryta saman med kjøtet.
  6. La bønene bli gjennomvarme før du set gryta på bordet.

Ris-koking

  • 1 del ris
  • 2 delar vatn

Vi brukar ein kopp eller eit glas med ris, og to koppar/glas med vatn til ca 4 personar.

  1. Skyl risen i eit dørslag før du har den i gryta for å få vekk rusk og rask.
  2. Hell over vatnet, rør rundt og legg på lokk.
  3. Kok opp og la småkoke på svak varme utan omrøring i ca 15-20 min.
  4. (La eventuelt risen dampe litt utan lokk om den er for våt.)
  5. Klar til servering
chili con carne

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.