
Avocado og røykalaks-salat

Røykalaks og avocado er gode smakar i lag. Her er dei blanda i ein salat med nøtter og chiafrø som topping. Chiafrø inneheld mykje protein, Omega-3 og andre viktige næringsstoff. På størrelse med valmuefrø og utan noko særleg smak er dei supre til å strø over salatar og i smoothiar. Har du ikkje chiafrø er sesamfrø eit godt alternativ!
Avocado og røykalaks-salat
Til ein porsjon treng du:
- 2 nevar crispisalat
- 1/2 avocado
- 6-7 skiver røykalaks
- 10 agurkskiver
- 4-5 cherrytomatar
- 1 ss pistasjenøtter
- 1 ss chiafrø (eller sesamfrø)
- Salt og peppar
Her servert med tzatziki og ei skive sitron
Slik gjer du:
- Vask og skyll salaten godt. Tørk den gjerne i ei salatslynge, før du riv den i bitar.
- Del avocadoen i to, fjern steinen og skjær skiver med ein kniv. Bruk ei spiseskei til å få ut kjøtet til slutt.
- Legg opp salat, agurkskiver, tomat delt i to, avocado og røykalaks.
- Strø over chiafrø og nøtter, salt og peppar.
- Servèr gjerne med tzatziki og sitron.

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.