Tzatziki

 

tzatziki

Heimelaga tzatziki er laga i ein fei, og smakar hundre gongar betre enn den lille boksen du får på butikken med lang innhaldsliste og like lang haldbarheitsdato. Rør saman og sett i kjøleskapet, så har du klar tilbehør til salat, grillmat eller middag.

Du treng:

  • 350 g gresk yoghurt
  • 1 agurk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss olivenolje
  • 1 skvis sitron
  • salt og peppar
heimelaga tzatziki

Slik gjer du:

  1. Del agurken i to på langs og bruk ei teskei for å skrape ut kjernen.
  2. Riv agurken på eit rivjarn.
  3. Press eller finhakk kvitløken.
  4. Bland yoghurt, agurk, kvitløk, olivenolje og sitron.
  5. Smak til med salt og peppar og sett i kjøleskapet i ein halvtime.
  6. Nyt.
tsatsiki

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!