Chia-sjokoladekuler med peanøttsmør
Desse chia-sjokoladekulene er det Julianne som skal ha æra for. Sjekk ut bloggen hennar her og få med deg den spennande boka ho gir ut om lav-FODMAP mat no i januar! Eg fekk først auge på kulene på instagram (min favorittstad for inspirasjon!) og har notert dei i bakhovudet lenge. Men så laga eg desse himmelske havregrynskulene, og då tenkte eg at det var på sin plass å lage ein litt sunnare versjon i tillegg, for balansen si skuld;)
Knallgode kuler som du lett rører saman og kan nyte med litt betre samvit. Eg tilsette litt kokosolje i tillegg for å få ei lettare deig å jobbe med, og det gjer jo ingenting sidan det skal vere bra å få i seg.
Til 20 kuler treng du:
- 1 dl peanøttsmør
- 1/2 dl lønnesirup
- 2-3 ts kakaopulver
- litt vaniljepulver/frø frå ei vaniljestang el. vaniljesukker
- 3 dl havregryn
- 3 ss chiafrø
- ei klype salt
- 2 ss extra virgin kokosolje (kan sløyfast)
Slik gjer du:
- Ha peanøttsmør, sirup, kakao, vaniljepulver og salt i ei lita kasserolle og smelt saman på lav varme.
- Bland havregryn og chiafrø i ein bolle.
- Hell kakaoblandinga over og bland godt.
- Rør inn 2 ss kokosolje.
- Sett kjølig i ca 15 min.
- Form kuler av blandinga og oppbevar i tett boks i kjøleskapet.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.