Vegetar-meny 7

Har du teke vinterferie? Eller er det ei veke igjen? Eller kanskje skal du ikkje ha ferie i det heile? Uansett håper eg du finn tid til å lage noko godt på kjøkkenet. Sjølv om det kanskje berre blir ein ekstra god frukost ein dag. Små gleder funkar bra.

Vegetar-meny 7

Lurer du på kvifor vekemenyen er bytta ut med vegetar-meny? Eg tenker at det er supert om vi alle kan redusere litt på kjøttforbruket, utan at du nødvendigvis må ta steget heilt ut og bli veganer over natta. Då funkar det alltid bra å halde fokus på det du vil ete, så et du automatisk meir av det. Difor har det blitt vegetar-fokus her i 2020:)

Sjekk ut utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020. Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.

Vegetar middag

rask enkel pasta

Easy peasy pasta

Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »

Vegetar middag

sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Sobanudlar med steikt brokkoli og chili er ein favoritt, både fordi det smakar godt og fordi det er kjapt å lage. Ingrediensane har vi stort sett alltid i hus, så… Fortsett å les »

Vegetar middag

kikertsuppe

Kikertsuppe

Mild og god suppe med knæsj farge, takka vere gurkemeie. Eg likar det krydderet berre betre og betre. Knall farge og gode eigenskapar for kroppen samla i eit gult pulver…. Fortsett å les »

Vegetar middag

blomkål-taco

Blomkål-taco

Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i… Fortsett å les »

Vegetar middag

Pizza med blomkålbotn

Pizza med blomkålbotn publiserte eg på instagram for nokre veker sidan, og har vel sjeldan fått meir spørsmål og nysgjerrige kommentarar frå ulike hald. Pizzaen var absolutt godkjent, og det var… Fortsett å les »

Vekas frukosttips

Havregrynsgraut med knasande topping

Havregrynsgraut med knasande topping

Havregrynsgraut med knasande topping er ein av mine frukostfavorittar og absolutt den frukosten eg har ete oftast i året som har gått. Min favoritt er mandel-, ris- eller havremjølk og… Fortsett å les »

Vekas brødbakst

eltefritt langpannebrød

Eltefritt langpannebrød med rug

Eltefritt langpannebrød med rug har blitt baka jamt dei siste vekene her i heimen. Den eltefrie metoden er ein favoritt, og oftast blir det eltefrie rundstykker. Det går kjapt og… Fortsett å les »

Vekas søtt

verdens beste kladdkake

Kladdkake

Kladdkake er kaka du rører saman i kasserolla og så heller rett i kakeforma. Inn i omnen i nokre kjappe minutt medan du ryddar kjøkkenet, og så til avkjøling i… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.