Sobanudlar med steikt brokkoli og chili

sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Sobanudlar med steikt brokkoli og chili er ein favoritt, både fordi det smakar godt og fordi det er kjapt å lage. Ingrediensane har vi stort sett alltid i hus, så dette kan lagast med relativt tomt kjøleskap. For brokkoli har vel alle i kjøleskapet til ei kvar tid? Eller er det berre oss?;)

sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Sobanudlar får du kjøpt på helsekost, og når du først har fått smaken på det lovar eg at du hamstrar inn ved neste høve. Haldbarheita er lang, og med koketid på 5-10 min ligg alt til rette for kjappe middagar. At nudlane er laga av bokkveite og er naturleg glutenfrie er ein herleg bonus.

sobanudlar med steikt brokkoli og chili

Her finn du Yakisoba wok og Asiatisk laksewok med nudlar som også er laga med bokkveitenudlar/Sobanudlar. Så har du oppskriftene klare når nudlane er i hus. Når det er sagt så kan du sjølvsagt bruke vanlege eggnudlar om du ikkje finn Sobanudlar eller ikkje treng å lage glutenfri middag.

Oppskrift på Sobanudlar med steikt brokkoli og chili

2 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1/2-1 brokkoli
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts flaksalt
  • 1/4 ts chiliflak
  • 150 g sobanudlar
  • 2 ss (svarte) sesamfrø

Spicy saus

  • 4 ss tamari (soyasaus)
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss finhakka ingefærrot
  • 1/2 raud chili
  • 1 ss eplecidereddik
  • 1 ss kokosblomstsukker (brunt sukker)
  1. Set omnen på 200 grader og kle eit steikebrett med bakepapir. Del opp brokkolien i bukettar og del desse på tvers. Skrell kvitløken og del i skiver. Ha brokkoli og kvitløk på bakepapiret og ringle over olivenolje, flaksalt og chiliflak. Bruk fingrane og bland godt, slik at alt blir dekka med olje. Fordel utover brettet og steik midt i omnen i 15-20 min, til bukettane har fått farge i kanten.

  2. Køyr saman dressingen i ei matmølle, eller finhakk alt saman og bland saman.

  3. Kok opp ein kasserolle med vatn og ha i sobanudlane når vatnet kokar. Skru ned varmen og la småkoke i 5-7 min, til dei er gjennomkokte. Hell nudlane i eit dørslag, skyll over med kaldt vatn og rist godt av vatnet.

  4. Bland sausen inn i nudlane og topp med steikt brokkoli og kvitløk. Strø svarte sesamfrø på toppen og nyt maten!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.