Vegetar-meny 1
Så var det plutseleg nytt år og nytt ti år. Godt nyttår til deg fine lesar! Og kva høver vel betre enn å køyre på med ei utfordring for det komande året? Vi har auka mengden grønnsaker på menyen jamt siste åra, og hatt fleire og fleire vegetariske middagar. Men kan vi klare endå meir? Kan vi klare vegetar så og seie heile veka? Usikker. Men det er vel då utfordringar passar bra? Er du med?
Eg tenker at det er bra å fokusere på alt du kan ete og så vil du automatisk ete meir av det, enn å fokusere på kva du ikkje kan ete.
Så difor prøver eg med vegetar-meny her på bloggen i 2020, og så håper eg at det gjer at både du og vi endar opp med å ete endå meir plantebasert mat. Det må vel vere såkalla vinn-vinn?
I tillegg så endrar eg formatet frå å vere mandag til søndag, og går ned til berre fem rettar. Det er nemleg veldig sjeldan vi et sju ulike middagar i løpet av ei veke, det blir som regel reste-fest ein eller to dagar. Restemat omtalar eg som «bonusmat» i kokeboka mi. Det er jo i praksis nydeleg heimelaga mat som gir minimalt med oppvask. Perfekt for meg som hatar oppvask.
Er du klar for årets første vegetar-meny inspo? Scroll ned og sjå om du finn noko du likar:
Vegetar middag
Bakt søtpotet med kikerter
Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg… Fortsett å les »
Vegetar middag
Gratinert blomkål
Gratinert blomkål er ein nydeleg måte å bruke rotgrønsaka som du finn over alt i butikkane no. Med ein kjapp heimelaga ostesaus funkar dette som eit eige måltid. Eller som… Fortsett å les »
Vegetar middag
Grøn falafel med salat og avokadohummus
Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt… Fortsett å les »
Vegetar middag
Omnsbakt gulrotsuppe med tomat
Omnsbakt gulrotsuppe med tomat er nydeleg på smak og enkel å lage. Ved å omnsbake gulrøttene får dei ei nydeleg sødme som gjer suppa ekstra god. Og sidan suppa skal… Fortsett å les »
Vegetar middag
Taco med heimelaga «vegetarkjøttdeig»
Har du lyst til å lage taco utan kjøtt? Men likevel kunne servere det til familien utan at dei merkar den store forskjellen? Blomkål-taco og Taco med kikerter er jo… Fortsett å les »
Vekas frukosttips
Acaibowl med mandelsmør
Acaibowl med mandelsmør er superdigg frukost som verkeleg gir dagen ein kick-start. Acai får du kjøpt som frosen pulp på større butikkar, eller som acaipulver på helsekost. Begge deler gir… Fortsett å les »
Vekas brødbakst
Eltefritt speltbrød i gryte
Spelt blir rekna som ein av urkornartane og kan med stort hell erstatte kveitemjøl i nesten alle oppskrifter. Mjølet er mindre foredla og har dermed bevart sine opprinnelege eigenskapar og vert… Fortsett å les »
Vekas søtt
Ostekake med bringebærlokk
Ostekake med bringebærlokk stod på kakebordet då vi inviterte til familieselskap for den ferske åtteåringen vår. Rett etter jul og nyttår er det merkeleg lite interesse for søte kaker og… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.