Acaibowl med mandelsmør

Acaibowl med mandelsmør er superdigg frukost som verkeleg gir dagen ein kick-start. Acai får du kjøpt som frosen pulp på større butikkar, eller som acaipulver på helsekost. Begge deler gir smoothien ein nydeleg lilla farge, og så skal det vere stappfullt av antioksidantar.

Acaibowl med mandelsmør

Acaibowl med mandelsmør

Acai er eit lilla bær som veks vilt i Brasil, og som ofte er å finne på menyen i smoothiebarar. Men det er ingen grunn til at du ikkje kan lage dette sjølv heime. Pulveret er enklast å bruke, sidan den frosne pulpen ofte gir litt søl på fingrar og kjøkkenbenk når den skal opnast. Eller er det kanskje berre eg som ikkje har fått teknikken enda?

For å få rett konsistens på bowlen må du nesten berre prøve deg fram med rett mengde mandelmjølk. Det kjem an på korleis blenderen din er og kor stor avokadoen og dadlane er. Du vil at det skal vere ein tjukk smoothie, slik at du kan ete den med skei.

TIPS! Blir acaibowlen din for tynn kan du ha i meir havregryn eller grønsaker som for eksempel squash, spinat eller blomkål.

sunn frukost

På toppen er det ekstra godt med mandelsmør og kakaonibs, saman med andre frø og kjerner eg finn i kjøkkenskapet. Ulike teksturar og fargar gjer liksom prikken over i’en.

Håper den fell i smak, og at du får ein super start på dagen! Her finn du fleire smoothie-bowl

Acaibowl med mandelsmør
acaibowl

Oppskrift på Acaibowl med mandelsmør

1 porsjon / Tid: 10 min

Acaibowl

  • 1/2 (frosen) avokado
  • 2 dadlar (utan stein)
  • 3 ss havregryn
  • 1 ss acaipulver
  • ca 2 dl mandelmjølk

Topping

  • 1 ss mandelsmør
  • 1 ss chiafrø
  • 1 ts gojibær
  • 1 ss kakaonibs
  • 1 ts tranebær/rosiner
  • 1 ss kokosflak
  • 1 ts graskarkjerner
  1. Køyr alle ingrediensane til acaibowlen i ein kraftig blender. Juster med mengde melk for å få passe konsistens.

    Har du ikkje avokado i frysaren kan du bruke frosen banan i staden for dadlar, eller tilsette eit par isbitar om du vil ha det skikkeleg kaldt.

  2. Hell over i ei skål og strø toppingen over. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.