Havregrynsgraut med knasande topping

Havregrynsgraut med knasande topping er ein av mine frukostfavorittar og absolutt den frukosten eg har ete oftast i året som har gått. Min favoritt er mandel-, ris- eller havremjølk og store glutenfri havregryn. Dei havregryna er det litt meir tyggemotstand i enn dei lettkokte, men her kan du bytte og velge som du sjølv likar.

Havregrynsgraut med knasande topping

På toppen av grauten vil eg helst ha litt meir enn berre kanel og sukker (som er kidsa sin variant) og mine favorittar som topping er:

  • Tranebær
  • Kakaonibs
  • Solsikkekjerner
  • Graskarkjerner
  • Blåbær
  • Jordbær
  • Hakka mandlar
  • Mandelsmør

Havregrynsgraut med knasande topping

Havregrynsgraut med knasande topping

Eg likar best at grauten er ganske tynn eller flytande om du vil, og likar ikkje så godt når den blir som ein tjukk klump på sleiva. Hugs at grauten tjuknar litt når den står eller når den kokar lenger, så då må du kanskje spe med litt meir mjølk. Oppskrifta er for å servere den med ein gong.

Håper dette gav deg lyst på graut til frukost! Sjå også resten av frukost inspirasjonen her på bloggen.

Oppskrift på Havregrynsgraut med knasande topping

1 porsjon / Tid: 5 min

Havregrynsgraut

  • 3 dl (plante)mjølk
  • 1,5 dl havregryn
  • 1 ts chiafrø
  • 1/4 ts salt

Knasande topping

  • 1/2-1 ts sukker
  • 1/2 ts kanel
  • 1 ss kakaonibs
  • 1 ss solsikkekjerner
  • 1 ss gresskarkjerner
  • 1 ss tranebær/rosiner
  • Friske bær (kan sløyfast)
  1. Ha mjølka (eg brukar oftast mandelmjølk) i ein kasserolle og varm opp, rør rundt av og til med ei skei eller ei sleiv.

  2. Når det ryk av melka rører du inn havregryn, chiafrø og salt.

  3. Hell grauten over i ei skål.

  4. Strø toppingen på og nyt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.