Reklame

Kikertsuppe

Mild og god suppe med knæsj farge, takka vere gurkemeie. Eg likar det krydderet berre betre og betre. Knall farge og gode eigenskapar for kroppen samla i eit gult pulver. Med ei boks kikerter og grønsaker frå kjøleskapskuffen er denne suppa lett å lage.

kikertsuppe

Kikertsuppe

Eg likar jo best å bruke kraft i suppene, men av og til er det tomt i frysaren og då har eg grønsaksbuljong liggande i krydderskuffa. Denne frå Helios er min favoritt, og har vore i bruk i mange år her i heimen. Den finn du både på helsekost og større matvarerbutikkar. Og den er dryg i bruk, vel verdt kvar ei krone.

kikertsuppeSidan vi hadde ei boks til med kikerter ståande serverte vi like gjerne suppa med rista kikerter på toppen. Dei lagar seg sjølv i omnen, og er perfekte å toppe ei suppe med. Når suppa er så mild på smak er det nydeleg med litt spicy krunsj i.

kikertsuppe

 

Oppskrift på Kikertsuppe

4 porsjonar / Tid: 30 in

Kikertsuppe

  • 1 løk
  • 1 ss kokosolje
  • 4 gulrøtter
  • 4 stilkar stangselleri
  • 1 ss gurkemeie
  • 1 boks Helios kikerter
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 liter vatn
  • 1 ss Helios grønsaksbuljong
  • Hakka kruspersille

Rista kikerter

  • 1 boks Helios kikerter
  • 1 ss kokosolje
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts paprika
  • 1/2 ts oregano
  • 1/2 ts kvitløkspulver
  • 1 ts salt
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Del løk i grove bitar og fres i olje til løken blir blank.

  3. Skrell og del gulrøtene i tjukke skiver. Del stangsellerien i grove bitar. Ha det i gryta saman med løken.

  4. Strø over gurkemeie og grønsaksbuljong. Bland godt inn.

  5. Skyl kikertene i eit dørslag og ha dei i gryta.

  6. Hell over vatn og kok opp. La småkoke til grønsakene er møre. Medan suppa kokar gjer du klar dei rista kikertene.

  7. Skyl kikertene i eit dørslag og rist godt av dei. Ha dei i ein bolle saman med oljen, krydderet og saltet. Bland godt. Fordel utover eit bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 25-30 minutt. Kikertene er ferdige når dei poppar.

  8. Kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller i ein blender.

  9. Servér suppe med persille og rista kikerter på toppen.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.