Vegetar-meny 4

Vegetar-meny 4 er på plass og det er tid for å ønske deg ei fin ny veke! Håper søndagen er god og at den gir deg tid til å planlegge den komande veka.

Vegetar-meny 4

Lurer du på kvifor vekemenyen er bytta ut med vegetar-meny? Sjekk ut utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020. Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.

Vegetar middag

lindrande linsesuppe

Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær

Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals… Fortsett å les »

Vegetar middag

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

Vegetar middag

gyllen blomkålsuppe

Gyllen blomkålsuppe

Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god… Fortsett å les »

Vegetar middag

melanzane alla parmigiana

Bakt aubergine i tomatsaus

I dag byr eg på deilig ovnsbakt aubergine lagvis i god spicytomatsaus, toppa med parmesanost. Ein variant av den populære italienske Melanzane alla parmigiana som anbefalast på det varmaste. Bakt… Fortsett å les »

Vegetar middag

vekemeny 9

Pizza margherita

Pizza er populært! Og allerbest synest kidden det er når han får pizza der han slepp å plukke vekk paprikaen og anna stæsj som foreldra likar. Kjenner du til problemet…?… Fortsett å les »

Vekas frukosttips

Knekkebrød med kullsyre

For nokre år sidan traff eg ein selgar som reiste landet rundt og var innom fleire små butikkar kvar dag. Butikkar med stort sett kvinnelege ansette. Kvinner som laga knekkebrød…. Fortsett å les »

Vekas brødbakst

”Polarbrød” med havre og fullkorn

«Polarbrød» med havre og fullkorn er ein heimelaga variant av det populære flate brødet du finn i butikken. Heimelaga er jo best, utan tvil. Og når dei to brødrene får… Fortsett å les »

Vekas søtt

ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær er laga med den heilt vanlege oppskrifta for ostekake, men pynta med litt ekstra bær. Det er slett ikkje vanskeleg, og gjer at kaka ser verkeleg flott… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.