Pizza margherita

pizza margherita

Pizza er populært! Og allerbest synest kidden det er når han får pizza der han slepp å plukke vekk paprikaen og anna stæsj som foreldra likar. Kjenner du til problemet…? Då er løysinga pizza margherita med nydeleg tomatsaus og ostar.

Til ein pizza treng du:

Botn:

  • 2,5 dl lunka vatn
  • 5-6 dl kveitemjøl
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts salt
  • 1-2 ts tørrgjær

Pizzasaus:

  • 1 ss olivenolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • ½-1 raud chili
  • 1 boks hakka tomat
  • 1 ss tomatpuré (kan erstattast med ketchup)
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • ½ ts salt
  • ½ ts peppar

(eller du kan bruke denne pizzasausen som du har klar i frysaren)

Topping:

  • Mozzarellaost
  • Andre typar ost du måtte like

 

pizza margarita

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane, anten for hand eller ved hjelp av kjøkkenmaskin. Dekk med lokk/plast og la heve så lenge du har tid. (Sjå tips under).
  2. Lag pizzasausen.
  3. Set eit steikebrett (eller pizzastein om du har) i steikeomnen og skru på 230 grader.
  4. Ha litt mjøl på eit bakepapir og bruk mjøl på henda slik at du kan trykke deiga utover.
  5. Stryk uttover pizzasausen og ha over osten.
  6. Dra bakepapiret over på steikebrettet/pizzasteinen og steik i 10-15 min.
  7. Avkjøl på rist.

Pizzasaus:

  1. Del løk, kvitløk og chili i små bitar.
  2. Fres alt i litt olivenolje til løken har blitt blank.
  3. Ha over hakka tomat og tomatpuré, kok opp.
  4. Krydre og la småkoke så lenge du har tid. Dess lenger dess betre smak.
  5. Kjør tilslutt sausen heilt glatt med ein stavmiksar.
pizza margharita

 

Tips:

  • Nokre gongar hevar deiga i ti minutt hjå oss, andre gongar i tre timar. Det blir stort sett god pizza uansett!
  • Set alltid pizzasteinen inn i kald omn og la den varme seg opp samtidig med omnen.
  • Brukar du pizzastein kan du nappe ut bakepapiret etter nokre minutt med steiking, slik at du får ein enda meir sprø botn.
  • Likar du best å kjevle deiga uttover, gjer du sjølvsagt det i staden for å bruke henda.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!