Bakt aubergine i tomatsaus

bakt aubergine i tomasaus

I dag byr eg på deilig ovnsbakt aubergine lagvis i god spicytomatsaus, toppa med parmesanost. Ein variant av den populære italienske Melanzane alla parmigiana som anbefalast på det varmaste.

Bakt aubergine er utruleg smakfullt og godt, og er absolutt ei grønnsak du bør stifte bekjentskap med om du ikkje allereie nyttar den!

For at auberginen skal bli god må du dele den opp og salte den godt for å trekkje ut bitterstoffa. Det trengst 15-20 min før du skyl den og klappar den tørr med eit kjøkkenpapir. Fleire stader har eg lest at det no finnast typar av aubergine som er dyrka fram utan desse bitterstoffa, slik at prosessen blir unødig -men eg har ikkje testa, og veit heller ikkje om det gjeld dei vi har tilgong til her i Norge..

Etter at den har fått trekkje bakar du den i omnen og legg den så lagvis med tomatsausen som har fått stå og putre i bakgrunnen heile vegen. Då luktar kjøkkenet himmelsk, og tomatsausen vil smake like så. Blei du frista til å prøve? Her får du oppskrifta:

melanzane alla parmigiana

Bakt aubergine i tomatsaus

  • 1-2 aubergine
  • 1 løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss tomatpuré
  • 400 g hermetisk cherrytomat
  • 2 ts tørka basilikum
  • 2 ts tørka oregano
  • 1/2 ts chilipulver
  • 100 g riven parmesan
  • 2 egg
  • 1-2 ss olivenolje
  • 1 dl polenta (eller brødsmular)
  • Salt og peppar
  • Litt olivenolje
Bakt aubergine i tomatsaus bakt aubergine i tomasaus

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
  2. Del auberginen 1 cm tjukke skiver og legg på eit kjøkkenpapir. Salt på begge sider og la ligge i 15-20 min, til det piplar fram væske.
  3. Del løk i bitar og finhakk kvitløk.
  4. Surr løk i olivenolje til den blir blank, ha i kvitløk og tomatpuré og bland godt.
  5. Hell over hermetisk cherrytomat og ha i 1 ts basilikum, 1 ts oregano, 1/2 ts chilipulver og litt salt og peppar. La småkoke til alt anna er klart, dess lenger dess betre.
  6. Skyl av saltet frå auberginskivene og klapp dei tørre med eit nytt kjøkkenpapir.
  7. Ha egga i ei lita skål og visp dei lett saman.
  8. Ha polenta, 1 ts basilikum, 1 ts oregano og halvparten av parmesanosten i ei anna skål, bland godt.
  9. Dypp auberginskivene først i egga og så i polentablandinga slik at dei blir dekka på begge sider.
  10. Legg skivene på eit bakepapirkledd steikebrett og steik i 10 min på kvar side.
  11. Ha 1/3 av tomatsausen i botnen av ei lita eldfast form (eller bruk porsjonsformer).
  12. Legg over bakte auberginskiver og topp med tomatsaus i to lag. Tomatsaus-laget treng ikkje vere så tjukt.
  13. Hell over dei samavispa egga og strø resten av parmesanosten over.
  14. Gratiner i omnen i ca 15 min, til osten på toppen er gyllen.
  15. Server med det samme, gjerne med ein grøn salat til.
Bakt aubergine i tomatsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.