Ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær er laga med den heilt vanlege oppskrifta for ostekake, men pynta med litt ekstra bær. Det er slett ikkje vanskeleg, og gjer at kaka ser verkeleg flott ut på bordet. Eg brukar berre ein vanleg kakering og det funkar fint. Vil du ha det heilt konditor-perfekt kan du kle forma med «overhead-papir» og dra av dette når kaka har stivna. Men er du ikkje perfeksjonist er det godt nok med vanleg kakering;)

ostekake med jordbær«Overhead-papir» heiter sikkert konditor-folie eller noko anna fancy. Veit du det korrekte namnet kan du gjerne gi meg eit vink, så skal eg oppdatere her. Men fram til det må du ta til takke med «overhead-papir» og så håper eg at du skjønar kva eg meiner. Gjennomsiktig, hard plast som du ofte ser på konditorikakestykka altså.

ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær

Ostekake er alltid populær på eit kakebord. Det trur eg må vere fordi den har dette syrlege i seg, som veg opp mot alle andre søte kaker. Eller kan det vere fordi den er så takknemleg å lage? Her er det ingen steiking, berre visping og samanrøring. Perfekt kake å lage kvelden før, eller to kvelder før, selskapet skal vere.

ostekake med jordbær

Her finn du ein annan versjon med bringebær.

Oppskrift på Ostekake med jordbær

22 cm / ca 10 porsjonar / Tid: 4 t

Botn

  • 250 g digestivekjeks
  • 100 g smør

Ostefyll

  • 1 pk sitrongelé
  • 2,5 dl kokande vatn
  • 3 dl rømme
  • 200 g kremost naturell
  • 100 g melis
  • 1 ts vaniljesukker
  • 3 dl kremfløyte
  • 10-12 jordbær

Gelétopping

  • 1 pk jordbærgelé
  • 2,5 dl kokande vatn

Pynt

  • Jordbær
  • Blåbær
  • Granateple
  1. Finn fram ei kakeform på 22 cm og set den på eit kakefat.

  2. Smelt smøret og knus kjeksa. Bruk ei kjøkkenmaskin med S-kniver, eller knus dei for hand. Bland inn smøret og trykk kjeksmassen flat i botnen av kakeforma. Set i kjøleskap medan du gjer klar ostefyllet.

  3. Kok opp vatnet og rør inn i sitrongeléen. Set til side for avkjøling medan du vispar saman rømme, kremost, melis, vaniljesukker og kremfløyte. Bruk ei kjøkkenmaskin og visp til det er luftig krem. Hell sitrongeléen i kremen i ein tynn stråle og bland inn.

  4. Skjær av stilken på jordbæra og del dei i to. Set dei med snittflata inn til forma. Hell ostefyllet i kakeforma, pass på at jordbæra blir ståande inntil kakeringen. Set kaka i kjøleskap i 2 timar.

  5. Kok opp vatn og rør ut jordbærgeléen. La den avkjøle litt, og hell den så over den stivna ostemassen. Set tilbake i kjøleskap og la stå til geléen er heilt stiv.

  6. Losne kakeforma og pynt med bær.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.