Knekkebrød med kullsyre

knekkebrødnært

For nokre år sidan traff eg ein selgar som reiste landet rundt og var innom fleire små butikkar kvar dag. Butikkar med stort sett kvinnelege ansette. Kvinner som laga knekkebrød. Heimelaga knekkebrød. I kvar ein krik og krok av Norge fekk han servert heimelaga knekkebrød. Og sjølvsagt måtte han smake. Og kvar gong var det sjølvsagt det beste han hadde smakt, og han fekk gjengitt oppskrifta i detalj…

Men om du ikkje er selgar (og har fått tusenvis av knekkebrødoppskrifter) kan eg anbefale denne oppskrifta:

Du treng:

  • 4 dl store havregryn (eg brukte lokale «Platetørka havregryn» frå Mylna i Volda)
  • 4 dl sammalt rug, grovt
  • 1 dl graskarkjerner
  • 1 dl solsikkefrø
  • 1 dl linfrø
  • 1 dl sesamfrø
  • 1 dl valnøtter, finhakka
  • 1 ts honning
  • 1 1/2 ts salt
  • 8 dl vatn med kullsyre

Rør saman alt det tørre og ha tilslutt i honning og vatn. Rør det vidare saman til ein graut og lat det stå på benken og svelle i 10-15 minutt. Fordel det deretter utover tre steikebrett med bakepapir. Eg brukar stort sett alltid den typen bakepapir som du kan bruke omatt og omatt, og synest deiga sit mindre fast på desse. (Meiner dei har dei på t.d. Clas Ohlson til 3 for 99,-?) Ver nøye med å få det like tjukt over det heile, slik at knekkebrød blir jamne.

knekkebrød

Set dei deretter inn i omnen på varmluft 160 grader. Etter 10 minutt tek du dei ut og rutar dei opp i passe størrelse. Eg deler dei i seksten delar på kvart brett, og brukar anten ein litt spiss og hard slikkepott eller pizzaskjærar. Set knekkebrøda tilbake i omnen og lat dei steike i 20 min før du byttar plass på bretta. Set på timer og la dei stå i nye 20 min og bytt plass igjen i to omgongar til. Altså 10 min + 20 min x3. Som regel er det eit eller to knekkebrød på midten som ikkje er blitt heilt hardt når resten er ferdige. Då legg du berre dei få det gjeld i omnen litt til.

Avkjøl knekkebrøda på rist.

Her i huset har den store kveldssnacken blitt knekkebrød med brie, valnøtter og honning med anten ein kopp te eller eit glas rødvin. Mmmm….!

Oppskrifta er henta frå Trines mat.

Oppdatering: min nye favoritt er Mors knekkebrød.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.