Vekemeny 25
Så var den her. Siste veka i skuleåret 18/19. Avslutning og klargjering for somarferie. Mindre rutiner og meir slack. Og kanskje litt ekstra god mat? Her får du denne vekas forslag til meny!
Mandag
Makaroni og kinakålsalat
Makaroni og kinakålsalat er knasande sprø og perfekt tilbehør til grillmat. Med god smak frå eple, stangselleri og rosiner i tillegg til knasande kål er dette lett å like. Dressingen… Fortsett å les »
Tysdag
Kamskjell med avokado og granateple
Kamskjell med avokado og granateple er ein perfekt liten rett til to som er laga på få minutt. Gode smakar og fine fargar gjer dette til ei fryd for gane… Fortsett å les »
Onsdag
Chicken Curry wrap
Chicken Curry wrap er enkelt å lage og fin mat å ta med ut på tur. At du gjerne kan bruke restar av kylling gjer også at dette er ein… Fortsett å les »
Torsdag
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får… Fortsett å les »
Fredag
Pai med bacon og marikåpe
I bursdagsgåve fekk eg (les: kjøpte sjølv og pakka inn) denne boka, med mykje fine tips om planter som kan brukast i matlaging. Der var det blant anna marikåpe som… Fortsett å les »
Laurdag
Kylling satay og peanøttsaus
Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »
Søndag
Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar
Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Knekkebrød med kullsyre
For nokre år sidan traff eg ein selgar som reiste landet rundt og var innom fleire små butikkar kvar dag. Butikkar med stort sett kvinnelege ansette. Kvinner som laga knekkebrød…. Fortsett å les »
Noko godt
Vannmelon-ispinne
Vannmelon-ispinne er ein av dei enklaste ispinnane å lage og krev minimalt med ingrediensar. Når sant skal seiast kan du vel eigentleg berre fryse vannmelon, og så har du fiks… Fortsett å les »
Vekas kake
Enkel sjokolademousse
Enkel sjokolademousse er desserten du kan lage når du har lyst på noko godt, men ikkje har allverda med tid. Eller når du skal invitere gjestar til middag og gjerne… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.