Kamskjell med avokado og granateple

Kamskjell med avokado og granateple er ein perfekt liten rett til to som er laga på få minutt. Gode smakar og fine fargar gjer dette til ei fryd for gane og auger. Kamskjell er ferdig steikt på 3-4 minutt og dei andre ingrediensane her skal verken kokast eller bakast. Super-rask forrett, lunsj eller kveldsmat.

kamskjell med avokado og granateple Kamskjell med avokado og granateple

Får du tak i ferske kamskjell så kjøp med deg, det klarer du lett å opne sjølv om du ikkje har gjort det tidlegare. Finn ein youtube-video og følg instruksane. Det er ikkje verre enn å stikke ein kniv inn og skjære av muskelen. Så brukar du ei skei og tek ut muskelen, den slepp lett. Då er kamskjella klare for steikepanna med ein gong.

kamskjellkamskjelBrukar du frosne kamskjell let du dei tine i kjøleskapt over natta. Tørk av dei med litt kjøkkenpapir om dei er våte, og krydre så med salt og pepar. Kamskjell må du ikkje steike for lenge, dei skal berre få ei god steikeskorpe og bli karamelliserte. Ingen grunn til å gjennomsteike dei, dei er best med litt rå kjerne.

kamskjell med avokado og granateple

Oppskrift på Kamskjell med avokado og granateple

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • 4 kamskjell
  • 1 ss rapsolje
  • 1 ts smør
  • Litt blanda salat
  • 1 avokado
  • 2 ss granateplekjerner
  • 2 ss spira alfabønner
  • 1-2 ts balsamicoeddik
  • Salt og pepar
  1. Vask og tørk salatblanda. Fordel på to tallerkenar.

  2. Del avokadoen, fjern steinen og skrell dei to halvdelane. Del opp i skiver og fordel over salatblada.

  3. Fordel alfaspirer på toppen av avokadoen.

  4. Del granateplet i to, legg den eine halvdelen i handa med snittflata ned over ein bolle. Bank på skallet med ei tresleiv til du får ut alle kjernene.

  5. Krydre kamskjella med salt og pepar.

  6. Varm olje i ei steikepanne og la det blir skikkeleg varmt. Legg i kamskjella og la steike til dei har blitt karamellisert på eine sida. Snu, krydre igjen og la steike vidare. Du skal berre snu dei ein gong, ikkje fram og tilbake fleire gongar. Når kamskjella er nesten ferdige har du i smøret og let det smelte med for ekstra god smak.

  7. Legg kamskjella på tallerkenen, strø over granateplekjerner og ringle over litt balsamicoeddik til slutt. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.