Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får brukt opp restane i kjøleskapet. Har du ikkje restar følger du oppskrifta under, der får du steg for steg.
Eg har med vilje brukt lite kjøttdeig, slik at du skal bli inspirert til å bruke opp den lille slanten av kjøttdeig som ofte ligg igjen etter familie-tacoen. Mindre matsvinn og mindre bruk av kjøtt er jo heilt i tråd med anbefalingane som har kome siste åra. Og så smakar det nydeleg likevel!
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Til enchiladas kan du gjerne servere guacamole, salsa, rømme, tortillachips, salat eller steikt mais. Her er det opp til deg kva du likar, eller kva du har i kjøleskapet som du vil bli kvitt. I oppskrifta brukar eg heimelaga pizzasaus (som vi alltid har liggande i frysaren) og heimelaga tacokrydder men her kan du sjølvsagt bruke butikk-kjøpt om du ikkje har det klart heime.
Oppskrift på Enchiladas med kjøttdeig og bønner
- 100-200 g kjøttdeig
- 2 ss olivenolje
- 1 løk
- 2 sjampinjongar
- 2 fedd kvitløk
- 2 ss tacokrydder
- 1 boks kidneybønner
- 65 g babyspinat
- 2-3 dl pizzasaus
- 6-8 tortillalefser
- 1-2 dl riven ost
- 2 vårløk
Steik kjøttdeiga og set til side.
Del løken i terningar og surr i olivenolje til løken er blank. Ha i sjampinjong i terningar og la steike med til soppen har fått farge.
Ha i finhakka kvitløk og tacokrydder og bland godt.
Skyl kidneybønnene i eit dørslag og la renne godt av seg. Ha bønnene i gryta saman med spinaten. Rør i gryta til spinaten har fallt saman.
Ha 2/3 av pizzasausen i gryta, spar resten til seinare.
Fyll tortillalefsene og snu dei med skøyten ned. Legg dei på rad i ei eldfast form og smør resten av pizzasausen på toppen. Strø ost på og gratiner i omnen. Bruk anten grillelementet i nokre få minutt, eller steik på 225 grader over- og undervarme i ca 20 min til osten er gyllen.
Topp enchiladasforma med vårløk i ringar og server med det same.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.