Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

20160616-DSC_0113

Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra godt med chorizopølse godt blanda inn i kjøtet i tillegg til grillsmaken.

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Vi hentar stort sett alltid hamburgerbrød frå frysaren som er baka ein dag med god tid, eller om det er tomt der så gjer vi det endå enklare og nyttar kjøpebrød. Her kan du sjølvsagt bake dei same dag om du har tid, men ofte så skal middagen på bordet kjapt og då passar det dårleg med elting, heving og steiking først. Du vel sjølvsagt din favoritt, men om du har lyst til å bake dine eigne brød og legge i frysaren finn du oppskrift på saftige hamburgerbrød under her som varmt kan anbefalast.

Som dressing serverar du ein enkel chilimajones med spicy sriracha som no er å finne i asiaavdelinga på nesten alle daglegvarebutikkar (hurra!). Og deilige potetbåtar som lagar seg sjølv i omnen på høg varme.

verdens beste potetbåter

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Til 4 personar
Hamburger:

  • 400 g kjøttdeig
  • 100 g chorizopølse
  • 1 egg
  • 1 ts sennep
  • 1 ts soyasaus
  • 1/2 ts salt

Chilimajones

  • 4-5 ss majones
  • 1 ts sriracha

Tilbehør:

  • 1/2 løk
  • 1 sitron
  • salat

Potetbåtar:

  • ca 10 amadinepoteter
  • 2 ss solsikkeolje
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts løkpulver
  • 1 ts timian/rosmarin/italienske krydder

Hamburgerbrød:

  • 2 dl vatn
  • 1,5 dl mjølk
  • 1 ss sukker
  • 3 ss olivenolje
  • ½ pk tørrgjær
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • + 1 egg til pensling
  • + sesamfrø på toppen
chorizoburger oppskrift chorizo hamburger

Oppskrift:

  1. Set omnen på 250 grader over- og undervarme. Eller varmluft om omnen ikkje blir varm nok.
  2. Vask og tørk potetene før du deler dei i to, og så i fire litt tynnare potetbåtar.
  3. Legg potetbåtane i ei eldfast form og ringe over oljen. Rist litt på forma og strø krydderet over.
  4. Set forma midt i omnen og la steike ca 30 min, til potetbåtane er sprø.
  5. Del løken i skiver og legg i skåla med sitronsaft. La ligge medan du lagar klart resten.
  6. Del chorizopølsa i små bitar og kna saman med kjøttdeig, sennep, soyasaus, salt og egg til ei jamn masse, som du deler i fire.
  7. Form til flate burgerar og bruk tommelen til å lage ei lita fordjupning i midten, så slepp du at burgeren hevar seg og blir tjukkare der.
  8. Varm grillen godt før du legg hamburgerane på, då unngår du at dei sit fast i grillrista. I tillegg kan du gjerne pensle dei lett med litt nøytral olje (solsikkeolje) før steiking. Grill til dei blir akkurat så godt steikte som du vil ha.
  9. Rør saman chilimajonesen og varm hamburgerbrøda eit lite minutt på grillen.
  10. Server nygrilla hamburger med chilimajones, salatblad og sitronmarinert løk.

Har du lyst til å lage heimelaga hamburgerbrød er desse knallgode. Dei kan gjerne lagast lenge før og leggjast i frysaren. Då blir dette ein rask og god middag å servere!

Hamburgerbrød:

  1. Varm mjølka og vatnet til det er fingervarmt og bland med resten av ingrediensane.
  2. Elt for hand eller med kjøkkenmaskin til du har ei smidig deig.
  3. La heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  4. Del opp deiga i åtte emner, bruk godt med mjøl på henda og trill ut åtte bollar.
  5. Trykk bollane flate og la dei heve i 20-30 min.
  6. Pensle hamburgerbrøda med samanvispa egg og strø over sesamfrø.
  7. Steik på 200 grader i ca 10 min, til dei er gyldne.
  8. Avkjøl på rist.
  9. Brøda kan gjerne frysast, varm dei då nokre minutt etter at dei er tina under grillelementet eller på 200 grader over- og undervarme før servering.
grillet hamburger

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.