Chicken Curry wrap

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

Chicken Curry wrap er enkelt å lage og fin mat å ta med ut på tur. At du gjerne kan bruke restar av kylling gjer også at dette er ein fin måte å unngå å kaste mat på. Har du kylling til middag ein dag er dette super lunsj å lage klar til dagen etter.

Kylling i karridressing var ein favoritt for nokre år sidan, men hadde gått litt i gløymeboka heilt til vi fann den på ein meny i Dyreparken i sommar. Vel heime laga vi vår eigen versjon, med raud paprika, salat og tortilla.

Innepakka i folie og lagt i ein kjølebag funka denne veldig bra å ha med på piknik, hugs berre å ta med serviettar for å tørke fingrane etter at wrapen er fortært.

kyllingwrap med karri

Chicken Curry Wrap

Dette er ein fin måte å bruke opp restar av kylling på, og du kan gjerne lage dressingen og blande inn kyllingen dagen før. Sjølve lefsa og salaten blir friskast og sprøast om du lagar den klar same dag som den skal etast. 

Tips for variasjon:

  • lag wrappen glutenfri ved å bruke glutenfrie lefser.
  • lag wrappen vegetarisk ved å bytte ut kylling med kokte kvite bønner eller kikerter som du mosar lett med ein gaffel som denne salaten her.
  • lag wrappen vegansk ved å bytte ut majones og rømme til veganske alternativ i tillegg til bønner/kikerter.

chicken curry wrap

Følg meg gjerne på Instagram for meir matinspirasjon og tag meg viss du lagar noko frå bloggen. Det er alltid stas å sjå oppskriftene i bruk!

Oppskrift på Chicken Curry wrap

2 porsjonar / Tid: 15 min

Wrap

  • ca 200 g steikt kyllingkjøtt
  • 2 tortillalefser
  • ½ raud paprika
  • 1/3 agurk
  • 1 hjertesalat
  • 4-5 cherrytomatar

Dressing

  • 4 ss majones
  • 3 ss rømme
  • 3-4 ts karri
  • 1 ts sitronsaft
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Riv eller del kyllingkjøttet i små bitar/terningar.

  2. Bland saman ingrediensane til dressingen, bruk raust med karri og smak deg fram. Karri smakar ulikt frå merke til merke og vil også smake mindre dess eldre krydderet er.

  3. Vend inn kyllingbitane i dressingen.

  4. Skyll og tørk hjertesalaten i ei salatslynge. Del salat og agurk i bitar, paprika i strimlar og tomatane i to.

  5. Legg opp salat, agurk, tomat og paprika midt på tortillalefsa og ha over kyllingen.
    Brett saman og ha gjerne folie eller papir rundt.

  6. Ferdig! Ta med ut på tur eller nyt heime ved kjøkkenbenken.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!