Reklame

Vegetarisk «tunfisksalat» med kikerter

Vegetarisk «tunfisksalat» med kikerter er heilt utan tunfisk. Her er det kikertene som får vere hovudingrediens, og det kler dei godt. Perfekt mat å servere til vegetarianarar eller nyte sjølv som pålegg på godt brød. Meir plantebasert mat var eit av måla våre i 2018, og denne er med på å fullføre utfordringa!

Vegetarisk tunfisksalat med kikerter vegetarisk "tunfisksalat" med kikerter

Vegetarisk «tunfisksalat» med kikerter

Har du ei matmølle (food prosessor) slik som på bileta er denne salaten laga på null komma niks. Vroom, vroom, ferdig. Har du ikkje matmølle er det berre å leite fram ein gaffel og mose så fint du klarer. Litt grove bitar og tyggemotstand er uansett godt.

vegetarisk "tunfisksalat" med kikerterOppbevar salaten i tett boks i kjøleskapet, då held den seg fint ei lita veke. Perfekt å nyte på heimelaga brød, kanskje dette eltefrie brødet her kan friste?

vegetarisk "tunfisksalat" med kikerter
Oppskrift på vanleg tunfisksalat finn du her.

Oppskrift på Vegetarisk «tunfisksalat» med kikerter

3-4 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 boks Helios kikerter
  • 2 sjalottløk
  • 3 stenger stangselleri
  • 4 ss majones
  • 1 ts sennep
  • 1 skvis sitron
  • 1 ts flaksalt
  • 1/4 ts pepar
  • 1 klype chiliflak
  1. Skyl kikertene i eit dørslag til det ikkje skummar lenger.

  2. Del stangselleri og sjalottløk i grove bitar.

  3. Ha alle ingrediensane i ei matmølle med S-knivar og puls saman til ei grov masse. Kanskje må du stoppe og skrape ned innhaldet med ein slikkepott undervegs. Det ser du. (Har du ikkje matmølle kan du sjølvsagt hakke opp alt med ein kniv og blande saman.)

  4. Ha salaten over i ei skål og server med det same.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.