Eltefritt firkornbrød

Eltefritt firkornbrød er laga med flak av havre, bygg, rug og spelt. Eg brukte ei ferdig blanding med desse 4-korna, men du kan lett blande det sjølv. Du får både god smak og alle gode eigenskapar til dei ulike kornsortane. Eller du kan bruke berre eitt av dei om du manglar dei andre.

eltefritt firkornbrødEltefritt firkornbrød

I eltefritt firkornbrød som du får oppskrift på under her er det tida på som gjer jobben med å få eit perfekt brød med sprø skorpe og deilig smak. Den eltefrie metoden går ut på at du raskt rører saman ingrediensane, og då meiner eg raskt -ingen elting her, og så let deiga stå på benken over natta eller medan du er på jobb. Då vil nemleg deiga få tid til å utvikle seg og resultatet blir knallgod brødbakst med minimal innsats frå deg. Mmmm!

eltefritt firkornbrød

Oppskrift på Eltefritt firkornbrød

1 brød / 6 porsjon / Tid: 90 min + 12 t

  • 150 g flak av havre, bygg, rug og spelt
  • 450 g kveitemjøl
  • 1 ts honning
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 5 dl vatn
  1. Set bakebollen på ei vekt og null ut. Mål opp firkornflak og kveitemjøl og ha i resten av ingredeiensane. Rør kjapt saman med ein slikkepott til det akkurat er blanda. Set på eit lokk og la stå på kjøkkenbenken i alt frå 8 til 16 timar.

  2. Set omnen på 250 grader og set gryta inn.

  3. Bruk ein slikkepot og vend saman deiga til eit brød midt i bakebollen og legg på lokket igjen. La brødet etterheve i 30 min medan omnen og gryta varmar seg opp.

  4. Ta gryta ut av omnen, pass på slik at du ikkje brenn deg, og skrap/hell brøde over i gryta. Rist på gryta slik at det legg seg fint i og strø over litt firkornflak på toppen.

  5. Legg på lokket og set gryta inn i omnen. Steik på 250 grader i 15 minutt, ta så av lokket og steik i 30 minutt på 230 grader.

  6. Avkjøl brødet på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.