Vekemeny 18

Velkommen mai! Å kor vi har gleda oss til du skulle kome! Kvite fjelltoppar og plommetre fulle av blomster. Herleg! Har du leita fram grillen og fått fyrt opp? No er det endeleg tid for utandørs matlaging igjen!

Her får du denne vekas menyforslag

Mandag

brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer

Brokkolisalat med druer er knasande sprø og digg å setje på bordet på ein sommarfest. Med friske og søte druer blir dette ein versjon som har det beste frå brokkolisalat… Fortsett å les »

Tysdag

Laks med mangosalat

Laks og mango er ein vinnar i lag og smakar utruleg godt! Steik laksen medan du blandar saman salaten, og vips har du nydeleg middag klar. Her får du oppskrift… Fortsett å les »

Onsdag

enkel middag kylling i pita med mynte-tzatziki

Kylling i pita med mynte-tzatziki

Kylling i pita med mynte-tzatziki er middag som er ferdig på under 20 minutt. Du varmar pitabrød, steiker kyllingbitar i panna og rører saman mynte-tzatziki. I tillegg treng du litt… Fortsett å les »

Torsdag

meksikansk risotto

Risotto med kjøttdeig og tomat

Krema risotto er så godt, og så enkelt å like. Denne versjonen minner meg om det som heitte «Meksikansk gryte» frå min ungdom som var superpopulær å servere i større… Fortsett å les »

Fredag

krema blomkål

Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »

Laurdag

quinoasalat

Quinoasalat med smak av Marokko

  Quinoasalat med smak av Marokko Denne salaten er fin å servere på eit tapasbord, som ein rett åleine eller som veldig godt tilbehør til feks kylling. Med spanande smakar… Fortsett å les »

Søndag

Baconsurra kylling med krema pasta

Baconsurra kylling med krema pasta

  Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Baguette

Til to stk treng du: 500 g kveitemjøl 1 ts salt 1 ts sukker ½ pk tørrgjær 4 dl lunka vatn Slik gjer du: Rør saman alle ingrediensane, set på… Fortsett å les »

Noko godt

baconsurra dadler

Baconsurra dadlar

Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå… Fortsett å les »

Vekas kake

marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.