Reklame

Kylling i pita med mynte-tzatziki

Kylling i pita med mynte-tzatziki er middag som er ferdig på under 20 minutt. Du varmar pitabrød, steiker kyllingbitar i panna og rører saman mynte-tzatziki. I tillegg treng du litt grøn salat, agurk og rødløk. Om du set det på bordet kvar for seg får dei minste taco-assosiasjonar og vips er middagen ein suksess.

mynte-tzatziki

Kylling i pita med mynte-tzatziki

kylling i pita med mynte-tzatziki

I denne oppskrifta har eg brukt det nye grillkrydderet til Helios. Perfekt å ha ei ferdig blanding i krydderskuffa når det skal gå kjapt. Eg strør over medan kyllingbitane brunar seg på eine sida, og vender bitane etterpå. Nydeleg!

kylling i pita med mynte-tzatziki


Oppskrift på Kylling i pita med mynte-tzatziki

4 porsjonar / Tid: 20-30 min

Kylling i pita

  • 4 pitabrød
  • 300 g kylling
  • 2 ss olje (kokos el. raps)
  • 1-2 hjertesalat
  • 1/2 agurk
  • 1/2 rødløk
  • 2 ss Helios grillkrydder

Mynte-tzatziki

  • 3 dl gresk yoghurt
  • 1/2 agurk
  • 1/2 potte mynte
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/4 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Varm pitabrød i steikeomn etter innstruks på pakken.

  2. Del opp kylling i bitar og steik i ei panne saman med olje og krydder.

  3. Rør saman mynte-tzatziki, riv agurk på eit grovt rivjarn og finhakk kvitløk og mynte.

  4. Riv salat i bitar, del rødløk og agurk i skiver.

  5. Server pitabrød med salat, rødløk, agurk, kyllingbitar og mynte-tzatziki på toppen.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.