Laks med mangosalat

laks med mangosalatLaks og mango er ein vinnar i lag og smakar utruleg godt! Steik laksen medan du blandar saman salaten, og vips har du nydeleg middag klar. Her får du oppskrift til ein person, så kan du gange opp så mange du treng alt etter kor mange det er rundt bordet. Eit tips er å lage dobbel porsjon, så har du digg lunsj dagen etter:)

Til 1 porsjon treng du:

  • Ca 100 g laks
  • 1 neve crispisalat
  • 1 neve ruccola
  • 2 asparges
  • 2 reddik
  • ½ mango
  • 1/3 agurk
  • 3 cherrytomatar
  • friske urter
  • olivenolje til å ringle over
  • salt og peppar
  • nøytral olje til å steike (Eg brukar Kokos- el. Solsikkeolje)

laksesalat Slik gjer du:

  1. Ha litt kokos- eller solsikkeolje i ei panne og steik laksen på medium varme til den flakar seg. Det tek kanskje 5-6 minutt på kvar side. Krydre med salt og peppar.
  2. Skyll grønsakene godt, og tørk salaten i ei salatslynge.
  3. Riv salaten og del resten av grønsakene i bitar.
  4. Legg salaten på fatet og vel om du vil dele opp laksen før du har den over.
  5. Ringle over olivenolje.
  6. Krydre med salt og peppar og friske urter.

Velbekomme:)

laks salat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.