Baconsurra dadlar

baconsurra dadler

Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå tapasbordet, og er både lette å lage og lette å like. Du treng to ingrediensar: bacon og dadlar. Etterkvart har vi funne ut at vi likar best bacon som er tørrsalta, og dadlar som er mjuke og har steinen i seg. Men for all del; ta det baconet og dei dadlane du finn! Eg tippar det blir bra uansett!

bacondaddelTil eit tapasbord kan du gjerne rekne 2-3 per person, er det som ein snack åleine er det lurt å doble det talet.
Du treng:

  • Baconskiver
  • Dadlar
  • Tannstikkar (kan sløyfast)

baconsurra dadlarSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Splitt dadlane og fjern steinen.
  3. Del baconskiva i to, slik at den akkurat går rundt ein daddel og fest med ein tannstikkar.
  4. Set på eit eldfast fat og steik i ca 15 min, til baconet er gyllent.
  5. Servér med det samme (kan også nytast lunka eller kalde).
bacon daddel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.