Vekemeny 4
Klar for veke nummer fire av 2019, med ny middagsplan på plass! Denne veka har gått som ein røyk, med radioinnspeling inneklemt ein ettermiddag og yoga-workshop heile helga. Mykje egentid for mor i huset med andre ord, no spenna klar for ei kvardagsveke saman med dei andre i huset her.
Håper januar har vore snill med deg så langt, og at du som meg nyt dei få minutta med meir dagslys som kjem for kvar dag. Vi er på rette sida!
Ha ei fin veke!
Mandag
Søtpotet- og kikertgryte
Søtpotet- og kikertgryte er spicy, mettande og god. Ei perfekt haustgryte når kulden kjem snikande og du har lyst på noko varmande og godt. Dette er ei vegetarisk/vegansk gryte, og… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »
Onsdag
Asiatisk nuddel og grønsaksuppe
Asiatisk nuddel og grønsaksuppe er ei superrask og enkel suppe å servere. Ved å nytte risnudlar, som berre tek fem minutt å få klare, blir denne suppa ferdig på null-komma-niks…. Fortsett å les »
Torsdag
Garam masala kylling
Garam masala er ei form for curry, der garam er hindi for varm og masala tyder blanding. Ei varm blanding i munnen når du et. Bortsett frå det kan ei… Fortsett å les »
Fredag
Fylt paprika med tacokjøttdeig
Fylt paprika med tacokjøttdeig er fint å servere når du har lyst på noko litt anna enn standard taco med lefser. Eller kanskje du har tacokjøttdeig til overs? Då er… Fortsett å les »
Laurdag
Cashewnøttpizza med kjøttbollar
Det har gått omlag akkurat eitt år sidan eg slutta å ete gluten, og det har gått heilt strålande. Med eitt unntak… eg saknar pizza! Før laga vi stort sett… Fortsett å les »
Søndag
Viltgryte med reinskav
Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »
Vekas brødmat
«Polarbrød» med havregryn
«Polarbrød» med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »
Noko godt
«Bounty» utan sukker
Desse små herligheitene, «Bounty», har gått ned på høgkant i det siste. Kokos har verkeleg vokse på meg det siste året, og eg diggar det. Kokosmjølk i smoothien, i kyllinggrytene… Fortsett å les »
Vekas kake
Iskake med nonstop
Iskake med nonstop er enkel og rask å lage og fantastisk god. Du treng ikkje ismaskin, faktisk berre ein handmiksar og ein frysar. Denne isen fekk eg oppskrift av frå… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.