Iskake med nonstop

is med nonstop

Iskake med nonstop er enkel og rask å lage og fantastisk god. Du treng ikkje ismaskin, faktisk berre ein handmiksar og ein frysar.

Denne isen fekk eg oppskrift av frå nokre kjekke naboar som fortalte at dei lagar den ofte, og med ulikt fyll. Favoritten til kidsa var med non-stop i, og det måtte vi teste!

Planen var sjølvsagt å pynte med non-stop også, men då isen var ferdig i frysaren hadde nokon ete opp restane… Har du samme problem i hus anbefalar eg kakestrøssel som pynt i staden.

is

Til ei form på ca 1,5 liter treng du:

  • 3 dl kremfløyte
  • 200 g sukker
  • 3 egg
  • 200 g philadelphiaost
  • ein pakke nonstop
skille egg is

Slik gjer du:

  1. Hakk nonstop eller knus dei i ei kjøkkenmaskin. Spar nokre til pynt.
  2. Skill egga.
  3. Pisk eggekviter og sukker til det blir blankt og stivt (5-10 min).
  4. Pisk kremen.
  5. Bland eggeplommer og philadelphiaost.
  6. Bland alt.
  7. Dekk ei brødform (eller bruk ei skål som du kan setje på bordet) med bakepapir.
  8. Legg is og nonstop lagvis, start og avslutt med is. Dekk med plast.
  9. Set i frysaren i minst 3-4 timar, gjerne over natta.
  10. Set forma oppned på eit fat og ta av bakepapiret.
  11. Pynt med nonstop (eller kakestrøssel om nokon har ete opp nonstopa…)
  12. Server!
is

Vi laga i tillegg porsjonsformer som kokkane kunne ete. Då treng ikkje isen så lenge i frysaren, og det kan jo vere kjekt å ha på lur når ein får frykteleg lyst på noko godt;)

heimelaga is

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.