Vekemeny 33

Vekemeny 33 er på plass, og det er klar for siste veke av skuleferien 2018. Sjølv om foreldra kanskje er tilbake på jobb for lengst varer liksom sommaren til skulen er i gong igjen. No blir det straks oppstart med aktivitetar, lekser skal jobbast med og matpakkar smørast. Men først: ei siste veke med sommarkjensle!

Vekemeny 33

Mandag

sommer salat brokkoli

Sommarsalat med nektarin, blåbær og pistasjenøtter

Sommarsalat med blåbær og pistasjenøtter er kjapp å blande saman og perfekt som tilbehør til grillmat. Med sine fine fargar og gode smakar gjer den seg godt på eit festbord…. Fortsett å les »

Tysdag

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré er kvardagsmiddag med stor K. Fisk og grønsaker med digg topping av bacon og egg i smelta smør. Her er det næringsrik mat… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød er lett å lage og lett å like. Du treng ei matmølle (foodprosessor) for at det skal gå raskast mogleg, men har du ikkje det tilgjengeleg kan… Fortsett å les »

Fredag

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »

Laurdag

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan er nydeleg godt og ei fin løysing når du ikkje har pizzasaus let tilgjengeleg. Nokre skeier creme fraiche gjer underverker og saman med salt… Fortsett å les »

Søndag

Grilla aubergine med hummus

Inspirasjon til denne retten fekk eg gjennom eit bilete frå ei venninne, og anbefaling om å sjekke ut denne oppskrifta hjå Veganmisjonen. Som sagt så gjort, og vi har grilla… Fortsett å les »

Noko godt

hjemmelaget is

Blåbæris utan ismaskin

Blåbær, blåbær, blåbær! Det blir mykje blåbær her på bloggen for tida, men det er jo ikkje til å unngå med skogen full av desse nydelege bæra. Fyll frysaren din,… Fortsett å les »

Brødmat

Bagels

Du veit den runde baksten med hol midt i? Med sesamfrø eller valmuefrø på toppen og oftast servert med kremost og noko til? Bagels ja! Det er liksom ikkje så… Fortsett å les »

Vekas kake

Snickerskladdkake

Snickerskladdkake er søt, salt og mektig. Akkurat slik ei kake skal vere. Kladdkaker skal jo ganske enkelt rørast saman, og det er nettopp det du gjer med denne. I tillegg… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.