Bagels

bagels

Du veit den runde baksten med hol midt i? Med sesamfrø eller valmuefrø på toppen og oftast servert med kremost og noko til? Bagels ja! Det er liksom ikkje så vanleg å lage dette sjølv, men dei fleste har smakt det på tur og då kanskje helst på tur i det store utland.

Tilbake i 2007 i London utforska vi bagels for alt det var verdt på ein liten kafé der ein kunne velje mellom sesamfrø eller «Poppy seeds» (valmuefrø) som topping. Og poppy seeds er framleis eit av dei gøyaste engelske orda eg veit!

bagels

Men tilbake til bagels . Bagels skal vere sprø og seige, og for å få til det kokar ein deiga nokre få minutt før den går i omnen. I panna er det vatn med litt søting (honning/sukker/sirup) og denne prosessen gjer at hevinga stoppar, og ein får den sprø og seige konsistensen ein er ute etter. Ikkje la deg skreme det er slett ikkje vanskeleg, så set deiga og lag bagels!

heimelaga bagels

Til ca 20 bagels treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 1 pk gjær
  • 1,5 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 2 egg
  • 5 dl lunka vatn
  •  2 ss rapsolje

Til topping:

  • 1 egg
  • valmuefrø eller sesamfrø

Koking:

  • ca 2 liter vatn
  • 1 ss sirup (eller honning/sukker)

hvordan lage bagelsSlik gjer du:

  1. Hald tilbake ca 50 g av kveitemjølet til utbaking, og bland resten av det tørre i ein bakebolle.
  2. Ha i vatn, olje og egg og elt på sakte-middels fart i ei kjøkkenmaskin i ca 10 min. Dekk til og la heve til dobbel storleik, dette tek 1-2 timar.
  3. Del deiga i 20 like emner og trill pølser som du skøyter godt saman eller lag bollar og stikk hol i midten. Legg over på bakepapirkledd steikebrett, la etterheve i 15-20 min.
  4. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  5. Kok opp vatn med sirup, og la det stå og syde rett under kokepunktet.
  6. Bruk ei holause og løft ein og ein bagel over i vatnet og la bagelsane trekke (ikkje koke) i 1-2 min på ei side før du snur og let trekke like lenge på andre sida. Ha 3-4 bagels i gryta samstundes.
  7. Løft bagelsen over på steikebrettet igjen, pensle med egg og strø frø over.
  8. Steik bagelsane til dei er gylne, ca 15-20 min.
  9. Avkjøl på rist.
oppskrift bagels

Tips: bagels er fine å fryse og varme i steikeomn. Varm dei rett frå frysaren  på varmluft 175 grader i 10-15 min, eller i 2-3 min dersom dei er tina.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.