Snickerskladdkake

Snickerskladdkake er søt, salt og mektig. Akkurat slik ei kake skal vere. Kladdkaker skal jo ganske enkelt rørast saman, og det er nettopp det du gjer med denne. I tillegg toppar vi den med marshmallows, karamellsaus, sjokoladeglasur og salte peanøtter. Yum!

snickerskladdkake

Snickerskladdkake

Kaka kan lagast med lyst glutenfritt mjøl i staden for kveitemjøl om du treng den glutenfri. Og du kan sjølvsagt bruke både ferdigkjøpt karamellsaus og sjokoladesaus om det skal vere endå enklare å lage den. Når det er sagt så er det slett ikkje vanskeleg å lage nokon av dei.

Eg har brukt vaniljepulver, men har du ikkje det i skapet kan du bruke ei toppa teskei med vaniljesukker i staden. Det går heilt fint. Og finn du små marshmallows på butikken kan du gjerne kjøpe det i staden for dei store. Då slepp du å dele dei opp;)

snickerskladdkake

Kladdkake skal vere litt «kladdete», så difor skal den ikkje steikast meir enn nødvendig. Den treng dermed litt tid i kjøleskapet for å stivne. Har du ikkje tid til å vente på det kan du steike kaka i 5-10 minutt ekstra. Med denne solide toppingen toler kaka å vere litt tørrare enn andre kladdkaker.

Håper kaka fell i smak! Her ser du framgongsmåten enkelt forklart på video:

Oppskrift på Snickerskladdkake

8-10 porsjonar / Tid: 60 min

Kladdkake

  • 150 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 dl kveitemjøl
  • 1 dl kakao
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 egg

Karamell

  • 100 g sukker
  • 1/2 dl vatn
  • 2 ss smør
  • 1 dl fløyte

Sjokoladeglasur

  • 100 g mjølkesjokolade
  • 100 g kokesjokolade
  • 1 dl fløyte

  • 125 g marshmallows
  • 50 g salte peanøtter
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme. Finn fram ei rund form ca 24 cm.

  2. Smelt smør i ei kasserolle. Trekk kasserolla vekk frå plata og rør inn sukker, mjøl, kakao og vaniljepulver. Rør inn egga, eit i gongen. Hell røra over i den runde forma og steik midt i omnen i 15 minutt.

  3. Lag karamellsausen medan kaka steiker:
    Ha sukker og vatn i ei kasserolle og la koke i 10-15 minutt, utan omrøring, til det har blitt karamellfarge. Trekk kasserolla vekk frå varmen og rør inn smøret. Rør til alt har smelta. Hell i fløyta, litt i gongen, og rør til ei jamn blanding. Set kasserolla tilbake på varmen og la koke i 3-4 minutt.

  4. Del marshmallowsane i to og fordel på toppen av den ferdigsteikte kaka. Set kaka tilbake i omnen og steik i 5 minutt til. Avkjøl i 5-10 minutt før du heller karamellsausen over.

  5. Sjokoladeglasur:
    Finhakk sjokoladen og ha i ein bolle. Varm opp fløyta til kokepunktet og hell over sjokoladen. Rør med slikkepott til jamn glasur. Fordel over kaka.

  6. Strø peanøtter på toppen og set kaka i kjøleskap i minst 1 time.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.