Reklame

Sommarsalat med nektarin, blåbær og pistasjenøtter

Sommarsalat med blåbær og pistasjenøtter er kjapp å blande saman og perfekt som tilbehør til grillmat. Med sine fine fargar og gode smakar gjer den seg godt på eit festbord. Vil du ha ein kjapp og lett middag er det ingenting i vegen for å servere berre salaten. Den er absolutt eit godt måltid i seg sjølv!

sommarsalat med nektarin, blåbær og pistasjenøtter

Sommarsalat med nektarin, blåbær og pistasjenøtter

Brokkoli i salat har vi hatt med i vår familie i fleire år no. Det var ei tante som serverte det først og fekk oss på tanken. Denne grønsaka treng slett ikkje dampast eller kokast før den skal serverast, den er også knasande god heilt rå. I små bukettar blanda med andre grønsaker gir den tyggemotstand og god smak. Berre prøv så ser du.

salatdressing

I sommarsalaten har eg blanda ein enkel dressing av honning, olivenolje og balsamico. Her kan du smake deg fram før du blandar det over salaten din. Kanskje har du ein surare balsamico enn meg? Eller ein anna type honning akkurat i dag? Det finnast jo mange ulike typar å velje mellom. Og dette gjeld også for olivenoljen du skal bruke. Bruk den beste du har når du skal lage ein dressing som denne. Det gir det beste resultatet.

sommersalat med blåbær

Håper salaten fell i smak! Velbekomme.

Oppskrift på Sommarsalat med nektarin, blåbær og pistasjenøtter

4 porsjonar / Tid: 10-15 min

Salat

  • 150 g crispisalat
  • 3 mini-agurkar
  • 100 g blåbær
  • 100 g Helios pistasjenøtter
  • 1/2-1 brokkoli
  • 1-2 nektarin

Dressing

  • 1 ss honning
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ss balsamico
  • litt salt og pepar
  1. Skyl og del salat, agurk og brokkoli i mindre bitar. Du kan gjerne bruke stilken på brokkolien også, del denne berre i terningar.

  2. Rør saman dressingen og vend denne inn i det grøne.

  3. Del nektarinen i tynne båtar.

  4. Topp salaten med blåbær, nektarin og pistasjenøtter. Pistasjenøttene kan du velje sjølv om du fjernar skalet på eller ikkje.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.