Blåbæris utan ismaskin

heimelaga is Blåbær, blåbær, blåbær! Det blir mykje blåbær her på bloggen for tida, men det er jo ikkje til å unngå med skogen full av desse nydelege bæra. Fyll frysaren din, så kan du lage nydelege rettar med blåbær utover hausten og våren!

Denne isen blei til etter ein kommentar på instagram, som så ofte! Det er så mykje inspirasjon å hente der synest eg! Så mykje fine bileter, og så mykje gode forslag og fine kommentarar -fortsett med det!

Eg tok utgongspunkt i den enkle vaniljeisen som skal lagast utan ismaskin (ingen grunn til å leite i flyttekassene våre etter ismaskina med denne oppskrifta for hand!), og tilsette nyplukka blåbær rørt saman med litt sukker. Smak deg fram og bruk så mykje bær og sukker som du synest er best!

blåbær iskrem

Til omlag 2 liter is treng du:

  • 6 dl kremfløyte
  • 400 g søt kondensert mjølk
  • Frø frå 1 vaniljestang
  • ca 100 g blåbær
  • ca 2 ss sukker (gjerne kokossukker)

blåbærishjemmelaget isSlik gjer du:

  1. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa ved hjelp av ei teskei.
  2. Ha kremfløyte, søt kondensert mjølk og vaniljefrøa i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
  3. Rør saman blåbær og sukker (gjerne i ein blender) til du har jamnt blåbærsyltetøy.
  4. Vend inn blåbærsyltetøyet i kremen (gjerne berre litt slik at du får mønster som på bileta).
  5. Dekk til, og sett i frysaren over natta.
  6. Ta ut isen litt før servering, den er best litt mjuk synest eg, og nyt nydeleg heimelaga is.
Blåbæris utan ismaskin

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.