Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

kyllingfilet feta

Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av både kylling og fyll. Er det ikkje grillvêr kan du alltids steike kyllingen i steikepanna og så setje den i omnen under søtpotetene.

Som tilhøyr serverte vi søtpotetfries, lange søtpotetstavar steikt på høg varme i omnen. Start alltid med høg varme når du skal lage potetbåtar eller fries i omnen, så kan du heller justere ned temperaturen på slutten når du ser kor lang tid det tek før alt anna er ferdig. Då får du dei nydelige karamelliserte overflatene som skil god fries frå soggy ikkje-så-god fries!

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Til 3-4 personar

Fylt kyllingbryst

  • 2 store kyllingbryst
  • 100 g fetaost
  • 100 g soltørka tomat
  • 1 ts basilikum
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts peppar

Søtpotetfries

  • 2 store søtpotet
  • 2 ss nøytral olje (solsikkeolje/kokosolje)
  • 1 ts salt

Paprikasalat

  • 1 raud paprika
  • 1 gul paprika
  • 2 vårløk
  • 1 liten rødløk
  • 5-6 reddik (kan sløyfast)

Yoghurtdressing

  • 2 dl gresk yoghurt
  • 2 fedd kvitløk
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss sitronsaft
Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat feta kylling grill

Oppskrift:

  1. Set omnen på 250 grader varmluft, eller så varmt omnen din går.
  2. Skrell og del søtpotetene i stavar og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
  3. Ringle over oljen og bland den godt uttover alle potetstavane, bruk gjerne fingrane. Ha over salt og sett potetene inn i omnen.
  4. La potetene steike på høg varme i 10-15 min, før du skrur ned til 200 grader over- og undervarme og lar dei steike til dei er krispi og ferdige. Ved litt lågare temperatur enn i starten rekk du å gjere ferdig kyllingen utan at potetene blir heilt svidde. Følg med, kanskje er din omn annleis enn min.
  5. Finhakk dei soltørka tomatane og mos dei saman med fetaosten med ein gaffel. Krydre med basilikum, salt og peppar.
  6. Splitt kyllingbrysta nesten igjennom, slik at det blir ei fin lomme å leggje fetablandinga inn i. Fyll opp og fest kyllingbrystet saman igjen med eit grillspyd.
  7. Grill kyllingbrysta på høg direkte varme på grillen slik at dei blir godt bruna på begge sider, før du legg dei over på indirekte varme og let dei ettersteike til dei er steikt igjennom. La kyllingbrystet kvile i 10 min før du deler det.
  8. Finhakk alt til paprikasalaten og ha i ei skål.
  9. Press kvitløken og rør saman yoghurtdressingen.
  10. Served kyllingbryst i skiver saman med søtpotetfrise, paprikasalat og yoghurtdressing.
  11. Velbekomme!
Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.