Vekemeny 18

Vekemeny 18 er på plass, og med det takkar vi april for følgjet. No er det mai som bankar på døra, og då er vi klare for festkaker, hurrarop og grøne bakkar. Takk for no snøkav og haglbyger. Når du ikkje kom skikkeleg i vinter kan du berre la vere å kome i det heile. Vi tek det igjen til neste vinter!

ørsta brekkeheida

Å vere matbloggar i vintermørket er ein logistikk utan like. Å kunne ta bileter berre akkurat klokka halv tolv, før skumringa kjem igjen byr på viss utfordringar. Å vere matbloggar i mai der i mot er nydeleg. Det er lyst heile dagen, og logistikken er flytande. Alt er betre om våren spør du meg! Lovnader om meir lys, meir varme, meir farge for kvar dag som går gjer noko med humøret.

Om du er som meg utfordrar eg deg til å bruke denne positive energien til noko artig på kjøkkenet (eller grillen!) og lage noko godt. Kanskje aller helst noko du ikkje har laga før? Og om du gjer de, så del gjerne med meg på instagram eller snapchat! Eg heiter kvardagsmat i begge kanalar:)

Ha ei fin mai-veke!

Mandag

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

Tysdag

laks soyasaus

Soyamarinert laks med regnbogesalat

Det er mogleg at eg har blitt inhabil når det gjeld soyasaus etter eitt år i soyasausens verdsdel. Men det passar jo nesten til alt! Salt og godt, og absolutt… Fortsett å les »

Onsdag

lindrande linsesuppe

Varmande linsesuppe med gulrot og ingefær

Linsesuppe med gulrot og ingefær er varmande og lindrande på ein kald haustdag. Med krydder som også har andre funksjonar funkar denne perfekt om du kjenner på litt sår hals… Fortsett å les »

Torsdag

fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande… Fortsett å les »

Fredag

tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »

Laurdag

Hamburgerbrød

Grilla hamburger

Heimelaga hamburger er ujålete og finfin mat å servere neste gong du grillar. Har du i tillegg vore lur og laga hamburgerbrøda på førehand, slik at dei berre kan tinast… Fortsett å les »

Søndag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Noko godt

chia-sjokoladekuler med peanøttsmør

Chia-sjokoladekuler med peanøttsmør

Desse chia-sjokoladekulene er det Julianne som skal ha æra for. Sjekk ut bloggen hennar her og få med deg den spennande boka ho gir ut om lav-FODMAP mat no i… Fortsett å les »

Brødmat

langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese er ein ny vri på favoritten Proteinrundstykke. I staden for å lage rundstykker fordeler du deiga/røra i ei lita langpanne og steiker eit langpannebrød…. Fortsett å les »

Vekas kake

Kokoskake med pistasjenøtter

Kokoskake med pistasjenøtter er både nydeleg på smak og enkel å lage. Kaka inneheld både kokosblomstsukker som er mykje meir næringsrikt enn vanleg sukker, og kokosolje som er noko av… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.