Langpannebrød med havregryn og cottage cheese
Langpannebrød med havregryn og cottage cheese er ein ny vri på favoritten Proteinrundstykke. I staden for å lage rundstykker fordeler du deiga/røra i ei lita langpanne og steiker eit langpannebrød. Mindre kliss på henda, og fint med litt variasjon.
Langpannebrødet kan enkelt delast opp i passe stykker for å ete med det same eller ha med på tur. Delt i to med godt pålegg mellom er dette super niste å leite fram frå sekken. Klarer du ikkje ete opp alt med det same kan du enkelt fryse ned brødet i bitar og tine det raskt i steikeomn. Har du ein litt brei brødristar kan du faktisk tine det i den også!
Solsikkekjernene på toppen kan du sjølvsagt sløyfe om du ikkje har lyst på dei, eller erstatte dei med andre frø eller kjerner. Ekstra krønsj og smak til brødet er slett ikkje feil! Sidan brødet ikkje treng heving er det fiks ferdig på ein halvtime. Så kva ventar du på? Nybakt brød er ikkje langt unna;)
Oppskrift på Langpannebrød med havregryn og cottage cheese
- 500 g cottage cheese
- 300 g havregryn
- 50 g solsikkekjerner
- 4 egg
- 1 ss bakepulver
- 1 ts salt
- 2-3 ss solsikkekjerner til pynt
Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
Kjør cottage cheese, egg, bakepulver og salt glatt ved hjelp av ein stavmiksar eller bruk S-knivane på ei kjøkkenmaskin.
Bland inn havregryn og solsikkekjerner.
Trykk røra ut i ei lita bakepapirkledd langpanne (ca 20x30 cm) og strø solsikkekjerner på toppen.
Steik på nederste rille i 30-40 min, til brødet er gyllent.
Avkjøl på rist og nyt med godt pålegg.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.