
Vekemeny 2
Og vips var første veka i det nye året overstått! Eg håper du har stått deg vel i innkjøringa med rutiner og kvardag igjen. Det er ingenting som er så godt som ferie, men det er nesten endå betre å kome i gong igjen etterpå. Enig?
Det har vore nokre trøytte ettermiddagar her, men alt i alt har veka gått veldig bra for både små og store. Vanskane med å sovne dei første kveldane gjekk fort over og no er vi klare for lysare ettermiddagar dag for dag. Heldigvis ligg snøven her endå, den gjer sitt for å halde mørket vekk.
I veka som kjem er det oppstart med alle aktivitetar for heile familien, og då krevst det planlegging for å få middagskabalen til å gå opp. Har du problem med å lage middag rett etter jobb fordi poden skal hit eller dit er det ingenting i vegen for å servere ei brødskive og så ta middagen til kveldsmat. Eller så har du mitt beste triks i ermet då: restemat! Ingenting smakar betre, gjev mindre oppvask og tek kortare tid. Lag difor alltid for mykje mat når du er i gong, så kan du slappe heilt av dagen etter.
Ønskjer deg ei fin veke! Her er vi på farta for å teste ski og stavar i fleire variantar:)
Legg meg gjerne til på Instagram og Snapchat for matglede-glimt!
Mandag
Falafel i pitabrød
Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »
Tysdag
Ovnsbakt torsk med valnøttpesto
Vi prøvar å ete torsk ein gong i veka, og målet er å auke det til to. Leit etter fisk som er ”sea frozen” slik at du unngår fisk som… Fortsett å les »
Onsdag
Linsesuppe med lam
Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »
Torsdag
Krema blomkål- og potetgrateng
Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »
Fredag
Tex-mex form med bønner og ris
Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »
Laurdag
Satayspyd
Satayspyd er nydeleg, og tilgjengeleg stor sett over alt i Asia. Det finnast mange versjonar av den, og etter prøving og feiling har vi no funne det vi synest er… Fortsett å les »
Søndag
Lammeskank i curry
Lammeskank er blitt skikkeleg populær mat, og det er ikkje rart når maten nær lagar seg sjølv. Du treng berre tid og med denne oppskrifta: krydder! Mykje krydder. Curry er… Fortsett å les »
Noko godt
Baconsurra dadlar
Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå… Fortsett å les »
Vekas brødmat
«Polarbrød» med havregryn
«Polarbrød» med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »
Vekas kake
Brownies
Ei kake som både mor og barn likar må vere bankers til morsdag! Lett å lage og nydeleg åleine eller saman med litt piska krem, vaniljekesam eller is. Det er… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.