Brownies

brownies

Ei kake som både mor og barn likar må vere bankers til morsdag! Lett å lage og nydeleg åleine eller saman med litt piska krem, vaniljekesam eller is. Det er vel berre for far å brette opp ermane og røre saman denne browniesoppskrifta? Eller kanskje du som mor skal sende link til far?:)

  • 250 g mørk kokesjokolade
  • 250 g smør
  • 5 dl sukker
  • 5 egg
  • 3 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
brownies
  1. Sett omnen på 140 grader.
  2. Hakk sjokoladen og smelt den saman med smøret i ei kasserolle.
  3. Bland egg og sukker godt i ein bolle.
  4. Hell sjokoladeblandinga over i bollen og bland godt.
  5. Sikt i kveitemjøl og bakepulver og rør til alt er blanda.
  6. Hell røra over i ei langpanne kledd med bakepapir.
  7. Steik kaka i 30-35 min. Avkjøl før du deler opp i bitar.

Server som den er eller med eit melisdryss saman med vaniljekesam, is eller piska krem.

Oppskrift henta frå «Hellstrøm Jr», med litt endringar.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.